Semesters
ULSP304 Leiing og åtferd
Pensumlister ligg her.
Ingen
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet set søkjelys på ulike forklaringar ut frå ei heilskapleg forståing av åtferd, og kva konsekvensar dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg tydinga av læringsmiljøet både i barnehage og skule. Lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing, mobbing og traume er sentrale tema i emnet. Kunnskap om organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar er ei sentral ramme for å få ei djupare forståing av leiing og åtferd i barnehage og skule.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grundige kunnskapar om
- Ulike forklaringar og teoretiske perspektiv på åtferd.
- Samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet.
- Læringsmiljø, mobbing og traume.
- Organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar.
Studenten
- Skal kunne analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv.
- Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
- Skal kunne legge til rette for endringsprosessar for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule.
- Skal ha kompetanse på gruppe-/ klasseleiing.
Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.
Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
- Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2500 - 3500 ord.
- Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema, med førebudd opposisjon. Presentasjonen skal vere digital og opposisjonen skal vere skriftleg.
- Obligatorisk frammøte til undervisninga.
Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for ved oppstart av studiet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5-11.
- Master in Special Education
- Special Education
- Special Education
- Special Education - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). |