Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, samt populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
- Studenten har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
- Studenten har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- Studenten har kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring
- Studenten har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- Studenten har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
- Studenten kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- Studenten kan analysere og diskutere engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
- Studenten kan bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.
Studiet er nettbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect.
For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.
Ei vekessamling ved Det norske studiesenteret i York inngår i studiet. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på denne samlinga.
Studiet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt kvalitetssikringssystem.