Sjå liste over studieplanar som starter på:

Idrett

Program of study: 
Sports/physical education
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
50
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka idrettsleg deltaking og helsefremjande aktivitet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring i idrett innanfor skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett/friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar, trenarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og ungdom. Idrett årsstudium kan også innpassast i andre bachelorstudium ved HVO og andre utdanningsinstitusjonar både i innland og utland. Bachelor idrett gir grunnlag for opptak på PPU i kroppsøving. Studiet kan veljast av studentar 4. studieår i allmennlærarutdanninga.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
  • skal kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
  • har fagspesifikk og grunnleggjande kunnskap om dei ulike praktiske disiplinane i studiet
  • har grunnleggjande kunnskap om kroppsøvingsfaget og idretten si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
  • har grunnleggjande kunnskap om kva for betyding leik, idrettsaktivitet og friluftsliv kan ha for bevegelsesglede, utvikling, læring og helse
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan reflektere over eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
  • kan planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne i ulike skuleslag og i den organiserte idretten
  • kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å kunne leggje til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
  • har grunnleggjande ferdigheiter i utvalde disiplinar innan idrett og friluftsliv
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
  • har praktisk erfaring med og kan rettleie innan idrett
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan leik, idrett og friluftsliv og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kan diskutere og arbeide kritisk med problemstillingar knytt til kroppsøving, idrett og friluftsliv ved å bruke kunnskap om idrettsvitskaplege teoriar og metodar
Content structure

Studiefaget idrett har sin eigenart i arbeidet med praktiske aktivitetar i ulike miljø. Innhaldet i fagstudiet er difor i stor grad praktisk retta og tek til ei viss grad omsyn til lærestoffet som er forpliktande for grunnskulen. 4. års GLU-studentar vil grunna praksis vere fritatt noko undervisning.  

Idrett årsstudium består av 4 emne:

  • IFL101 Motorisk læring (haust)
  • IFL116 Idrett- og kroppsøvingsdidaktikk (haust)
  • IFL117 Pedagogikk, idrett og samfunn(vår)
  • IFL104 Treningslære (vår)

Kvart emne vil innehalde teori, praktisk aktivitet, praktisk metodiske oppgåver, skriftlege prøver/innleveringar (individuelt eller i grupper) og eksamen. IFL101 må takast før IFL104. IFL116 og IFL 117 er opne/ingen forkrav.

Idrett årsstudium
Professional training

Alle studentane skal være med på å planleggje og undervise barn og unge med særlige behov i samband med kurs i Tilpassa opplæring/Spenningskurset (vinter). Omfanget av denne praksisen vil vere ca. 20 timar medrekna planlegging/samtale med lærar/rettleiar. Studentane skal vidare ha 20 timar instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar eller skular. Det er ikkje krav om rettleia praksis.

Internationalisation

Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar  internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret evnt. 6. semester.

Expenses

IFL 117: Kostnader knytt til skikurs (heiskort, reise og opphald) og kurs i Tilpassa opplæring (eigenandel på 350 kr).

Elles litt kostnader knytt til transport til ulike bevegelsesmiljø (eks. friidrett, orientering, observasjon av leikeområde m.m.).

Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr.

Anna
Seksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget. I starten av studiet er det krav om deltaking i obligatorisk kurs i studieteknikk og oppgåveskriving. Kurset, eller tilsvarande, må vere godkjent for å kunne gå vidare på studiet. Studentane må rekne med utlegg til transport og opphald i samband med undervisning, ekskusjonar og skikurs, samt fråvær frå heimen i opp til 5 dagar på enkelte kurs. Krav for å få godkjent studiet: Godkjent alle emne, godkjent instruksjonspraksis, godkjent praktisk metodiske oppgåver, betalt materialavgift, betalt eigenandel til kurs i Tilpassa opplæring (IFL 117).
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
-