Religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar innan fagområda religionskunnskap, livssyn, etikk og filosofi. Studiet kan inngå som del av 60 stp. i RLE og innpassast i ulike bachelorgrader.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg
- Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdanings- og yrkessamanheng
Ein kan velje to av fire emne à 15 stp. Emna ein kan velje mellom er REL113N-AVG og REL114N-AVG i haustsemesteret, og REL111N-AVG og REL112N-AVG i vårsemesteret.
Studiet er fullstendig nettbasert og kommunikasjon mellom student og lærarar, leksjonar, arbeidskrav og eksamen skjer i Fronter.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
Studenten vel to av fire emne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje knytt praksis til dette studiet
Studiet er finansiert med studieavgift, kr. 4000 pr. emne + semesteravgift
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.