Religion, livssyn og etikk (fordjupingsstudium)
I fordjupingsstudiet i RLE kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i RLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er viktig og etterspurt i fleire yrkessamanhengar, i helsesektoren, i media og i kyrkja.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- har utdjupande kunnskapar innan fagområdet Religion, livssyn og etikk
- har brei innsikt om korleis religionar og livssyn pregar samfunnet i fortid og i notid
- har evne til å tileigna seg ny kunnskap innan fagområdet
- kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
-
Studenten vel eit av dei valfrie emna Spiritualitet før og no (REL206) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.