Religion, livssyn og etikk (fordjupingsstudium)
I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet består av eit valfritt emne (REL206 eller REL207) og eit obligatorisk (REL212) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk
- har evne til å tileigna seg ny kunnskap innan dei valde emna og fagområde
- kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Studenten vel eit av dei valfrie emna Spiritualitet før og no (REL206) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).
Course | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|
15 | 15 | |
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester | ||
Valemne | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |