Rus – samfunnsproblem, førebygging og behandling
Frå 1970-talet har det vore ei stor auke i alkoholforbruket i Noreg. Måten nordmenn bruker alkohol på er også i endring, mellom anna drikk nordmenn alkohol oftare enn før. Forskarar melder om at haldningane til alkoholbruk har vorte meir liberale, og at det er akseptert og vanleg å bruke alkohol i fleire samanhengar enn tidlegare. Slike endringar kan føre til at fleire får problem som følgje av eigen eller andre sin alkoholbruk, og til at kunnskap om rusmiddelproblematikk vert viktigare for yrkesutøvarar på mange ulike felt.
Bruken av ulike narkotiske stoff er også eit vedvarande problem i det norske samfunnet. Dei siste åra har særleg unge sin bruk av cannabis fått mykje merksemd blant forskarar, behandlarar, politikarar og i media, og effektane av slik bruk er omdiskuterte. Vidare skaper rapportar om nye syntetiske rusmiddel som kan kjøpast over internett uro.
Hjelpetiltaka for personar med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Helse- og sosialtilboda til denne gruppa vert styrka, og ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Endringane stiller dei som arbeider i rusomsorga, overfor nye og store utfordringar, og det er behov for oppdatert kunnskap om hjelpetiltak og strukturelle føringar på rusfeltet.
Studieprogrammet er eit svar på desse utfordringane, og siktemålet er å gje studentane tverrfagleg og oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, forståings- og behandlingsmodellar, samt strukturelle føringar på rusfeltet.
Sentrale tema:
- Rusmiddelbruken sine sosiale funksjonar
- Rusmiddelbruk i juridisk, helse- og sosialpolitisk perspektiv
- Ungdom og rusmiddelbruk, rusproblematikk i familien, rusmiddelbruk i arbeidslivet, rusmiddelbruk og sjølvmord
- Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem
- Forståingsmodellar – det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
- Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode
Studiet kan gå inn som valfri del av Mastergrad i helse- og sosialfag: Meistring og myndiggjering, og i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- Utvikle studentane sin kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg i dag, og om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
- Utvikle studentane sin kunnskap om ulike rusbehandlingstiltak og deira faglege grunnlag
- Utvikle studentane si forståing av kva rusførebyggande arbeid er og kva det kan vere
- Utvikle studentane sin kompetanse til å forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
- Utvikle studentane sin kompetanse til å hjelpe personar med rus- og avhengigheitsproblem, og deira pårørande
- Gjere studentane betre rusta til å møte rusproblem på ein fagleg og løysingsorientert måte
- Utvikle studentane si evne til å reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som dei møter i yrkessamanheng
- Utvikle studentane si evne til å reflektere kritisk over ulike behandlingstiltak på rusfeltet
Studiet gir deltakarane høve til å reflektere over og møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.
Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem. Begge emna er organisert med tre studiesamlingar gjennom eitt semester, og kvar samling er på fire dagar. Studiet kombinerer førelesingar med fleire andre læringsformer, slik som seminar, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing av erfarne lærarar.
Det er krav om minst 80 % frammøte på samlingane.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Course | 2017 Spring | 2017 Autumn |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem