See list of study plans starting on:

Friluftsliv fordjupning

Program of study: 
Outdoor life/Friluftsliv, intermediate course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
20
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Admission and rating

Fullført eitt av følgjande to alternativ:

  • 60 stp. i friluftsliv
  • 30 stp. friluftsliv + 30 stp. andre emne etter individuell vurdering
About

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka friluftslivsdeltaking og helsefremjande arbeid i samfunnet. Studenten skal kunne planlegge og dels drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betydning for valet av ein fysisk aktiv livsstil. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande fordjupingstudium med sikte på auka kompetanse for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet gir grunnlag for mastergradstudium innan friluftsliv ved fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.

Learning outcome

Læringsutbytet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læruingsutbyte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om naturen som lærings- og opplevelsesarena
  • kunnskap om leik og meiningsdanning i naturen
  • kunnskap om friluftslivet si historie og plass i det norske samfunnslivet
  • kunnskap om pedagogikk, beslutningsteori, gruppepsykologi og leiing
  • kunnskap om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • kunnskap om vegledningsmetodikk og pedagogikk, planlegging gjennomføring av læring og opplevelsesaktivitet
  • kunnskap om turplanlegging og risikohandtering
  • Kunnskap om å tilrettelegge for grupper med ulike behov og forutsetningar
  • kunnskap om friluftsliv i eit helseperspektiv
  • Kunnskap om spesielle naturområder knytt til sjølvvalgt fordjupingstur 
Learning outcome skills

Studenten kan

  • planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeid ut fra didaktiske prinsipper, samt variere innhald og arbeidsmåtar i leik, oppleving og læring i naturen til alle årstider
  • gjere greie for friluftslivets historie og plass i det norske samfunnslivet
  • planlegge og gjennomføre læringsaktivitet i friluftsliv
  • uttrykke si faglege forståing skriftleg og munnleg
  • bruke grunnleggande kunnskap i vitskapsteori og metode
Learning outcome qualification

Studenten har

  • allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • grunnleggande kunnskaper, ferdigheiter og haldningar for å kunne ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel, med vekt på sjølvvalt fordjupingsområde og vinterfjell
  • dei kunnskaper, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike former for ferdsel i naturen
  • kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv innan privat verksemd og offentleg samanheng
  • bakgrunn for og erfaring i vegledning/undervisning i og om naturen
Content structure

Studiet er satt saman av fire emne, kvart på 15 stp.:

  • Friluftsliv I, IFL 203, har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Emnet består seg mellom anna av eit vidaregåandebrekurs, ferdsel i alpine fjellområde, naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell, samt filosofiske og didaktiske perspektiv. Emnet inneheld  også ein periode med eigenutvikling innanfor eit sjølvvalt tema.
  • Helseemnet, IFL 205, omhandlar fysiologiske og psykologiske perspektiv knytt til friluftsliv som helsefremjande aktivitet. Praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt. Observasjonspraksis knytt til helsefremjande arbeid med friluftsliv.
  • Friluftsliv II, IFL 204, har vekt på vinter, snø og skred, der ein byggjer vidare på kunnskapen frå grunnivået. Vinteren startar med eit vidaregåande skredkurs og i løpet av vinteren skal studentane velje ein fordjupingstur til Sveits, Svalbard eller i Norge (desse kan ha eit avgrensa tal plassar). Våren inneheld ei studiesamling på snødekka bre på ski, og som siste faglege samling blir det eit segltokt på Sunnmørskysten.
  • Bacheloremnet, IFL 206, inneber ei skriftleg oppgåve knytt til tema innafor friluftsliv, der ein nyttar vitskapleg tilnærming med utforming av problemstilling, val av metode, innsamling av data og drøfting. 
Friluftsliv fordjuping
Navn: 
Friluftsliv fordjuping
Course2017 Autumn2018 Spring
15
15
15
15
Requirements

Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige

Professional training

I samband med Helse, IFL 205, skal studentane gjennomføre fire dagar observasjonspraksis knytt til helserelatert arbeid med friluftsliv i gruppe på 2-3 studentar. I samband med Friluftsliv II, IFL 204, skal studentane gjennomføre fire dagar praksis, der studentane har hand om eit heilt eller fleire opplegg. I løpet av IFL 203 eller 204 skal studentane gjennomføre praksis med medstudentar eller andre studentar. 

Expenses

Materialpengar skal dekke bruk av utstyr og materiell. Sjå emneplanar for meir informasjon.

Utgifter: studentene må sjølv syte for transport til og frå samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane. Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
-