Sjå liste over studieplanar som starter på:

Mediekunnskap

Program of study: 
Media Science Foundation Course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
10
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Årsstudiet i Mediekunnskap gjev kandidaten teoretisk og teknisk kunnskap innan mediefeltet, og ei innføring i praktisk medieproduksjon. Studiet gjev ein introduksjon til design, foto, film og videoproduksjon, web og kampanje i tillegg til medieteori. Fyrste semester gjev ei grunnleggande innføring i medieteori og medievitenskap, saman med ei praktisk innføring i design, foto og web. I andre semester arbeider studentane både teoretisk og praktisk med lyd, film og kampanje, og lærer korleis ein kan undersøke mediebruk med kvalitativ og kvantitativ metode.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har kunnskap om grunnleggande medievitskapleg teori.
  • har kunnskap om grunnleggande kvalitativ og kvantitativ metode i mediefaga.
Learning outcome skills

Kandidaten

  •  har erfaring med medieproduksjon og er i stand til å skape, presentere og formidle i ulike kombinasjonar av tekst-, lyd- og bildemedier ved hjelp av ny, relevant teknologi.
  •  skal kunne gjere reflekterte og medvitne val i utforminga av ulike medieprodukt med forståing av det spesifikke ved det valde mediet, den valde publiseringsforma og mottakarkonteksten.
  •  skal kunne analysere og vurdere ulike medietekstar ut frå ei forståing av det som er spesielt for det enkelte medieuttrykket med omsyn til form, innhald og funksjon, og for samspelet med andre medietekstar.
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • har innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå.
  • har utvikla eit aktivt og medvite forhold til eigen og andre sin mediebruk.
  • har erfaring med å skrive akademiske tekstar.
Content structure

Studiet er likt det første året i Bachelorstudiet Media, IKT og design (MID). Dei som fullfører Mediekunnskap har høve til å søke seg inn på 2. året på MID innan dei fristar som gjeld. Studiet er organisert med lokal undervisning i form av forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Mediekunnskap årsstudium
Navn: 
Mediekunnskap årsstudium
Requirements

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål.

Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Ivar John Erdal