Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15
Dette studiet søker du om du vil ta eitt eller fleire emne innanfor studiet Digital kompetanse i læring. Studiet er fleksibelt og nettbasert, og som student vil du kunne velje studieprogresjon ut frå eigne ønsker og behov. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.
Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).
Studiet gjer det mogleg for studentar å velje emne etter interesse og behov. DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt, eller fleire emne etter behov. Du kan setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:
- har kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
- har kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
- har kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
- har kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
- har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
- har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- har kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:
- kan arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
- rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
- kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
- kan ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
- kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
- kan rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- kan rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald
- kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Den primære kontakta med nettstudentar skjer gjennom e-læringssystemet Canvas.
Studenten vel mellom desse 5 emna, les meir om dei i emneplanane:
DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk: Du utviklar din eigen profesjonsfaglege kompetanse og etablerer og bruker aktivt ditt eige personlege læringsnettverk i ditt profesjonelle virke.
DKL112N Læringsdesign og klasseleiing i teknologirike læringsmiljø: Du set fokus på digital didaktikk og læringsleiing i eigne fag og klasserom gjennom arbeid med læringsdesign for teknologirike miljø.
DKL113N Leiing av digital skuleutvikling: Du utviklar kunnskapar om leiing i og av teknologirike læringsmiljø.
DKL114N Medieproduksjon og samansette tekstar i læring: Du får erfaring med eigne medieproduksjonar, og du vil være i stand til å rettleie og vurdere barn og unge i å lage multimediale produkt.
DKL116N Koding i skulen: Du får erfaring med bruk av ulike ressursar for teknologibruk og koding i læringsarbeid.
Dette studiet søker du om du vil ta eitt eller fleire emne innanfor studiet Digital kompetanse i læring. Studiet er fleksibelt og nettbasert, og som student vil du kunne velje studieprogresjon ut frå eigne ønsker og behov. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.
Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).
Studiet gjer det mogleg for studentar å velje emne etter interesse og behov. DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt, eller fleire emne etter behov. Du kan setje saman emna som passar best for deg.Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.
Course | 2018 Autumn | 2019 Spring | 2019 Autumn | 2020 Spring |
---|---|---|---|---|
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
Sum (150 total) | 30 | 45 | 30 | 45 |
Gjennomføring av studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til Internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera, eit enklare digitalt fotografiapparat (mobilkamera), og du må i perioder ha tilgang til eit digitalt videokamera. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon).
Kr. 4 000,- pr. 15. stp. emne