Sjå liste over studieplanar som starter på:

Musikk (bachelor)

Program of study: 
Music - bachelor
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
35
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse. Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental praksis.

About

Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet gjev grunnlag for verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Bachelorgraden gjev grunnlag for vidare studium på masternivå, m.a. med emnet MEI306 - å skape meining.

Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet. 

Learning outcome
  • I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Studenten

  • kan grunnleggande musikkteori, musikkhistorie og musikkutøving på hovudinstrument, samt å medverke i kor og/eller orkester.
  • har kunnskap om musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn, den musikalske kulturarven vår, musikk som samfunnsfenomen og musikk som pedagogisk reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling.
  •  kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå, og ha kjennskap till gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget.
  •  veit om faglege og metodiske element innan instrumentalopplæring og didaktiske og metodiske element knytt til undervisning på hovudinstrument.
  •  har kjennskap til kulturskulen; innhald og organisering og kjenne til sentrale problemstillingar innan musikkterapi, musikk og helse, musikk og identitet.
  •  har arbeidd med innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalensemble, musikkinterpretasjon og -formidling
  •  kjenner musikken sin funksjon i samfunnet og samanheng mellom musikk, media og miljø
  •  kan vurdere tekniske og musikkfaglege utfordringar for hovudinstrumentet, og  plukke ut repertoar for hovudinstrumentet.
  •  kjenner til korleis ein gjer eit repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble, veit om tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble, ulik innstuderingsmetodikk, og kan ulike takteringsmønster og direksjonsteknikkar.
  •  har kunnskap om ulike typar instrumentgrupperl, ulike typar ensemble, varierte arrangeringsteknikkar og instrument- og klangbruk.
  • kjenner til sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet, grunnleggande prinsipp for akustikk, PA-anlegg, opptak og redigering av lyd og musikk og kan bruke internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal.
Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om utøving av musikkfaget i ein brei fagleg kontekst i ulike samanhengar i samfunnet
  • kjenner til fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
  • forstår sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verkty på ulike nivå
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
  • har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Learning outcome skills

Studenten

  • kan nytte teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i musikkfagleg utøving og formidling
  • kan nytte musikkfagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante kulturfaglege uttrykk
  • kan nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • kan reflektere over eigne ferdigheiter og har evne til fagleg fornying
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Content structure
  • praktisk arbeid i større og mindre grupper
  • undervisningsseminar
  • undervisning i teoretiske emne
  • gruppeundervisning og individuell undervisning
  • deltaking i kor og orkester
Musikk bachelorstudium
Navn: 
Musikk bachelorstudium
Course2018 Autumn2019 Spring2019 Autumn2020 Spring2020 Autumn2021 Spring
Obligatoriske emne
3030
 
15
 
15
 
15
 
15
Fordjupingsemne (I tillegg til bacheloroppgåva (MUS205) skal du velje minst eitt fordjupningsemne på 15 stp (200-kode).)
15151515
 
15
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
15
Andre valemne ved Avdeling for kulturfag: NB! Det er forkrav til fleire av emna. Pass på at du vel rett kombinasjon og rekkefylgje. Det kan vere timeplanmessige utfordringar med ein del kombinasjonar av emne.
15151515
 
1515
 
1515
 
1515
Professional training

Praksis i studium av emne med eit didaktisk innhald (MUS102, MUS104, MUS201 og MUS208) kan det verte lagt til rette for praksis i musikk. Omfang og form er avhengig av emne.

Anna
Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull Akademiet på Voss for studentar første året (emne MUS102).For andre ekskursjonar, sjå det enkelte emnet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del på studieturar, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
øystein salhus