Samfunnsvitskap
Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi, og jus. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst.Studiet tilsvarar første året i Bachelor i planlegging og administrasjon.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal
- ha kunnskap om og forståing av økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk og kunnskap om dei politiske utfordringane desse gir for å fremje heilskapleg berekraftig utvikling
- ha kunnskap og forståing av viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking
- kunne analysere og forstå enkle utviklingstrekk i samfunnet og styringsverket når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling, reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig med nærare definerte problemstillingar
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Studenten skal kunne
- gjere greie for ei fagleg basert forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga
Studieprogrammet gir 60 studiepoeng, går over to semester og inneheld to tverrfaglege emne, IPA 111 Samfunnskunnskap og IPA 112 Forvaltningskunnskap, kvar på 30 studiepoeng. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og jus.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
Course | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |