Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
Mastergradstudiet i undervisning og læring har tre spesialiseringar: matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Hovudmålet med studiet er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innsikta mot arbeidet i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk er innsikta mot arbeid både i barnehage og skule.
Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringane. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.
Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering kan dette studiet gje deg
- lektorkompetanse
- høgare fagdidaktisk kompetanse for undervisning i matematikk eller norsk i grunnskule eller vidaregåande skule
- auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
- kvalifikasjonar for m.a.:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
- arbeid i PP-tenesta
- arbeid i høgskulesektoren
- doktorgradsstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor dei respektive spesialiseringane
- har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
- har grundige kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til dei respektive fagfeltet
Studenten
- kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte ut frå dei respektive spesialiseringane.
- kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Studenten
- kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
- kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
- kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor dei respektive spesialiseringane.
Deltidsstudiet går over 4 år/8 semester.
Studiet er delt inn i tre spesialiseringar. Kvar spesialisering inneheld seks emne, fire av desse emna er obligatoriske og felles for alle. Fellesemna er: Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301), 15 stp, Utvikling og læring (UL302), 15 stp, Vitskapsteori og forskingsmetode (UL 305), 15 stp og Masteravhandling (UL306D), 45 stp.
- Studiespesialiseringa i spesialpedagogikk inneheld emna Språk- og leseutvikling og språkvanskar (ULSP303), 15 stp og Leiing og åtferd (ULSP304), 15 stp.
- Studiespesialiseringa i norsk inneheld emna Lese - og skrivekunne (ULNO303), 15 stp og Norskfaget, norsklæraren og klasserommet (ULNO304), 15 stp.
- Studiespesialiseringa i matematikk inneheld emna Problemløysing og modellering (ULMA303), 15 stp og Matematikkens historie, geometri og algebra, (ULMA304), 15 stp.
Etter individuell vurdering er det mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk og matematikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om slik godskriving. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.
Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteravhandling (UL306D) har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Deltidsstudentar tek til på masteravhandlinga semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteravhandlinga (UL306D) kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305)
Alle emna i kvar av spesialiseringane er obligatoriske for å få godkjent studiet som master i undervisning og læring. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL 305), 15 stp og Masteravhandling (UL306D) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.
Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304, ULMA303, ULMA304, ULNO303, ULNO304 og UL305 går over eitt semester, og med fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. Masteravhandlingsemnet UL306D har færre samlingar og går over tre semester.
Course | 2018 A | 2019 S | 2019 A | 2020 S | 2020 A | 2021 S | 2021 A | 2022 S |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | 15 | ||||||
Studenten kan velje ei av spesialiseringane nedanfor | 15 | 15 | ||||||
Spesialiseringsemne i spesialpedagogikk | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Spesialiseringsemne i matematikk | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Spesialiseringsemne i Norsk | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i fagutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor