See list of study plans starting on:

Barnehagelærarutdanning deltid

Program of study: 
Early Childhood Education - bachelor (part time)
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
8 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
60
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse. For opptak med realkompetanse må ein ha minimum 5 års yrkeserfaring, inkludert minst 3 års relevant erfaring.
 

About

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over fire år på deltid. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i eit samfunn som er prega av mangfald og endring.

Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid i barnehage, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra har ujamn studiepoengfordeling med 40 studiepoeng første studieår, og 50 studiepoeng andre studieår. Dei to siste studieåra har 45 studiepoeng kvar.

Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.

I utdanninga har vi valt fem gjennomgåande tema som skal vere integrert i alle kunnskapsområde.
Gjennomgåande tema er:

  • Profesjonell identitet: Dette avspeglar den einskilde si utvikling fram mot rolla som barnehagelærar og er påverka av teori og relevant erfaring. Alle kunnskapsområde i utdanninga er profesjonsretta gjennom integrering av teori og praksis. Kunnskapsområda bidreg med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige profesjonskompetanse, som mellom anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning. Undervisninga er praksisnær og set teoretisk undervisning i eit anvendt og profesjonsretta perspektiv. Dette er med på å hjelpe studenten si evne til kritisk refleksjon over praksis og evne til å nytte kunnskap i eiga profesjonsutøving.
  • Mangfald og likeverd: Utdanninga skal etter forskrifta leggje vekt på det aukande mangfaldet i barnehagen. Utdanninga skal vektlegge tydinga av samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna, og med andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Også arbeid med likestilling fell under mangfaldsomgrepet. Alle kunnskapsområde skal fremje eit reflektert syn på likestilling. Likestilling handlar om relasjonar, og om å sjå og legge tilhøva til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster. Vi inkluderer også dei yngste barna som ein del av mangfaldet i barnehagen. 
  • Urfolksperspektivet og samisk kultur: Barnehagelæraren skal ha kjennskap til urfolk sine rettar generelt og til samisk kultur og språk spesielt. Dette er integrert i utdanninga ved at det i dei to første studieåra er sett av ei veke med tema "Fleirkulturell veke med vekt på samsik språk og kultur"
  • Barn med behov for særskilt omsorg og oppfølging: Barnehagelæraren har ansvar for heile barnegruppa, også dei barna som har behov for særskilt omsorg og oppfølging. Barnehagelæraren skal vite når og kvar ein skal samarbeide med eksterne ressursar.
  • Barns livsmeistring og helse: Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Utdanninga skal hjelpe studenten til å bli ein trygg barnehagelærar som kan fremje barnas fysiske og psykiske helse, bidra til at barna trivst, opplever livsglede og meistring og har ei kjensle av eigenverdi. Det er óg viktig å førebyggje krenkingar og mobbing. 
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, herunder digital dømmekraft: Dette tyder at utdanninga skal hjelpe studenten slik at han som barnehagelærar kan innhente og handsame informasjon, vere kreativ og skapande med digitale ressursar, og kunne kommunisere og samhandle med andre i digitale omgjevnader. Det vil også innebære å kunne nytte digitale ressursar på ein tenleg og forsvarleg måte til å løyse praktiske oppgåver. Digitale ferdigheiter inneber også å utvikle digital dømmekraft ved å tileigne seg kunnskap og gode strategiar for nettbruk.
  • Berekraft: Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Utdanninga skal støtte studenten til å kunne fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftige samfunn. I dei ulike kunnskapsområda skal vi fokusere på at berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag får dekt dei grunnleggjande behova sine, utan å øydeleggje framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekt sine behov. Det handlar om å tenkje og handle lokalt, nasjonalt og globalt. 

Rettleidd og vurdert praksisopplæring er integrert i alle kunnskapsområde i utdanninga, og det vil vere eit samarbeid mellom faglærar på Høgskulen og praksislærar. Det er praksisopplæring i alle studieåra. Undervisningsaktivitetar på Høgskulen vil førebu studenten til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar.

Utdanninga bygger på forskingsbasert kunnskap og er i kontinuerleg utvikling, og skal bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Utdanninga gir både eit historisk, aktuelt og framtidsretta perspektiv på yrket og barnehagen si rolle som ein del av utdanningsløpet.

Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradstudium.
 

 

National regulations

Studieplanen er utarbeidd i tråd med lov om Universiteter og høgskoler av 1. april 2005 og studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga med nasjonale retningslinjer fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-04-475

I følgje formålsparagrafen i forskrifta skal den "...sikre at institusjonene tilbyr integrert, profesjonsrettet og forskningsbasert barnehagelærerutdanning med høy faglig kvalitet og at det legges til rette for et forpliktende samspill mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt”.

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgre utdanning, kapittel 6

Studentar ved barnehagelærarutdanninga er underlagt teieplikt, jf forvaltningsloven §13, universitets- og høyskoleloven §4-6. og barnehageloven §20 Ved studiestart får studenten utlevert eit skjema for teieplikt som dei skal signere.
 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
 

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
  • har brei kunnskap i pedagogikk og om barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om barns leik og læringsprosessar.
  • har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
  • har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine.
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
  • kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling.
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
  • kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
  • kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak.
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar.
Content structure

Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over fire år med studiepoenga fordelt slik: 1. år 40 studiepoeng, 2. år 50 studiepoeng, 3. år 45 studiepoeng og 4. år 45 studiepoeng. Arbeidsmengda vil vere omlag 1200 arbeidstimar per år, fordelt over ca.40 veker. Undervisninga er organisert ved at studentane møter til undervisning to dagar kvar veke. Undervisninga vil bli gitt desentralisert i si heilheit 1. og 3 studieår. 2. studieår vil all undervisning bli gitt i Volda.  For at det skal vere valmogelegheit i fordjupingane må studentane ta fordjupingsemne saman med heiltidsstudentane i 7. semester. 8. semester er sett av til arbeid med bacheloroppgåva.

Dei seks kunnskapsområda i utdanninga er sett saman av desse ti lærarutdanningsfaga: Pedagogikk, norsk, naturfag med miljølære, matematikk, RLE, samfunnsfag, fysisk fostring, drama, forming og musikk. Pedagogikk skal sikre eit felles integrert barnehagefagleg fundament i alle kunnskapsområde, og slik ivareta ei gjennomgåande profesjonsfagleg og vitskapleg plattform i ei heilskapleg og integrert utdanning. Utdanninga er organisert ved at kunnskapsområda er fordelt på dei fire studieåra. Undervisning i alle kunnskapsområda blir gitt  parallelt i 1. – 3. studieår. I 4. studieår vert det undervist i bacheloroppgåve, fordjuping og/eller internasjonalt semester. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.

I løpet av 3. studieår skal studentane velje eit fordjupingsemne, og i vårsemesteret 4. studieår gjennomføre arbeid med, og skrive ei bacheloroppgåve.

Fordjupingane som studentane ved Høgskulen i Volda kan velje er Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama som bygger på kunnskapsområde Kunst, kultur og kreativitet og barns utvikling, leik og læring. Barn, natur og friluftsliv som bygger på kunnskapsområde Natur, helse og rørsle, eller Mangfald og meistring som byggjer på kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring og Språk tekst og matematikk. Undervisninga i fordjupingane vert organiset saman med heiltidsstudentane i haustsemesteret 4. studieår.
Sjå ementabellar for meir informasjon om studieløpet.

Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i læringsgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med læringsgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Arbeids- og læringsformer som studentane kan møte er:

  • forelesing, seminar og gruppeøvingar
  • praktisk arbeid og formidling 
  • skriving av reflekterande fagtekstar 
  • prøve med multiple choice 
  • skriving av gruppeoppgåve, med studentrespons 
  • produksjon av multimodale forteljingar 
  • skriving av fagtekstar og bacheloroppgåve 
  • bruk av nettbasert læringsplattform 
  • rettleiing i praksis 
  • rettleiing individuelt og i gruppe

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i den enkelte emneplan, og i semesterplanane.

Det er obligatorisk undervisning i alle emne. Sjå den einskilde emneplan. Krav om oppmøte er sett fordi læring skjer gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid saman med medstudentar, barn og lærarar. Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html

Læringsutbytta både overordna og i kunnskapsområda, praksis, fordjuping og bacheloroppgåve skal bli vurdert. Høgskulen har ulike former for vurdering som skal identifisere at studenten sitt inne med dei kunnskapane, ferdigheitene og generell kompetanse som studieplanen har sett opp. Slik vurdering skjer ved at studentane gjennomfører arbeidskrav og eksamen.

For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må forkravet vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren stått i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

Arbeidskrav og eksamen
For å få gå opp til eksamen må studenten ha oppfylt alle arbeidskrav i emne. Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk godkjent/ikkje godkjent. Tap av eksamensrett kan medføre ei forseinking i studiet. For meir informasjon om arbeidskrav som skal vere gjennomført sjå den einskilde emneplan. Fristar for arbeidskrav finn ein i oppsett studierute for studieåret og i semesterplan for emne.

Emna har ulike og varierte eksamensformer. Dei eksamensformene som er i bruk i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil verte nytta kvar for seg eller i kombinasjon: Skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, praktisk gruppeeksamen, munnleg eksamen, bacheloroppgåve med vidare. Alle emne har karakter på vitnemålet. Karakterutrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A-E for stått eksamen og F for ikkje stått, eller stått/ikkje stått. Praksis vert vurdert etter skalaen stått/ikkje stått. Nærare  opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.

Studentar som søkjer innpass av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.

Det kan bli gitt fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformene i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring i Noreg. Fritaket skal verte ført på vitnemålet.

Søknad om overflytting.

I følgje nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanningen (KD 2012) kan studentar som går på heiltidsmodellen søkje om overgang frå ein studiestad til ein annan etter andre studieår. På deltidsmodellen kan ein også søkje om overflytting. Det er ein føresetnad at det er ledig plass på studiet og at det er samsvar mellom studieplanen ved Høgskulen i Volda og den eksterne institusjonen sin studieplan.

Requirements

Studenten må ha klede til å vere ute i alle typar vêrtilhøve til alle årstider, dette er nødvendig på grunn av at praksisperiodane er lagt til ulike årstider, samt at mykje av undervisninga i emne Natur, helse og rørsle skjer ute. Det er også eit krav at studenten kan disponere turski til veka som er sett av til Barn og snø. Høvelege kle til i undervisning i idrettshall og  eventuelt symjebasseng er også eit krav.

 

Suitability

Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html

Både tilsette ved Høgskulen, medstudentar, praksislærarar og tilsette i praksisbarnehagen har eit ansvar i denne samanhengen. Studentar som syner svakheiter i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogeleg i utdanninga få informasjon om dette. Alle involverte partar har plikt til å melde frå dersom dei har ei bekymring for studentar i høve til skikkavurdering. Slik bekymring skal meldast til studieleiar, som sender bekymringsmeldinga vidare til institusjonsansvarleg for skikkasaker.

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.
 

Professional training

Eit mål for praksis i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Vi syner til emneplanar for praksis og Praksishefte del I og II for utfyllande informasjon om gjennomføring og vurdering av praksis. Det vert kravd at studentane set seg nøye inn i desse dokumenta. Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområde og fordjupingsemna. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og det vert lagt stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehage, studentane og faglærarane ved høgskulen.

Studentane skal få variert praksisopplæring, noko som inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid knytt til barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen. Det skal vere tydeleg for studenten at det å bli barnehagelærar inneber å ha pedagogisk leiaransvar.

Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både faglegekunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal derfor få erfaring i å reflktere over korleis teori og praksis spelar på kvarandre og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Det er tydelige krav til leiaroppgåver i praksis. Leiaroppgåvene har også ein tydeleg progresjon

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til barna i barnehagen. Også når det er studentar i praksis skal barna si kjensle av tryggleik og omsorg vidareførast. Det er viktig at studentar i praksis ser til at det er ein raud tråd mellom innhaldet i barnehagen sin årsplan, det barna har arbeidd med før studentane kom i barnehagen, til dei aktivitetane studentane skal gjennomføre. I tillegg til det barnehagen, i følge barnehagane sine planar, skal arbeide med når studentane er ferdige i praksis.

I løpet av dei fire studieåra skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis, og det er tenkt progresjon både i høve til oppgåver og arbeidskrav. Praksis fordeler seg slik:

  1. semester - ikkje praksis
  2. semester - 25 dagar i barnehage - Observasjon, leie barnegruppe og samarbeide med personalgruppe gjennom pedagogiske aktivitetar
  3. semester - 30 dagar i barnehage - leie ei barne og personalgruppe gjennom eit temaarbeid, legge til rette for at barna får estetiske opplevingar.
  4. semester - ikkje praksis
  5. semester - 17 dagar i barnehage - leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid
  6. semester - 18 dagar i  barnehagen - leie delar av eit utviklingsarbeid + 5 dagar i barnehage Gjennom vitskapelege metodar samle kunnskap om overgangen barnehage-skule
  7. semester - 5 dagar i barnehagen - oppgåver knytt til fordjuping
  8. semester - ikkje praksis

Praksisperiodane er integrert med kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbytta frå praksis skal henge saman med læringsutbytta i kunnskapsområda.

Det er ein progresjon i praksis. Det vil seie at arbeidskrava vert stadig meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir.

1. studieår.

  • Studenten viser evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen.
  • Studenten greier å skape gode og omsorgsfulle relasjonar med barna.
  • Studenten er ein god rollemodell for barna.
  • Studenten viser begynnande evne til å nytte ulike observasjonsmetodar.
  • Studenten viser begynnande evne til å nytte ein didaktisk modell i arbeidet.
  • Studenten viser ei begynnande evne til leiing av ei barnegruppe .
  • Studenten viser evne til å fange og halde merksemda frå ei barnegruppe og legge til rette for variert leik og godt sampel i barnegruppa.
  • Studenten viser initiativ til kontakt med føresette.
  • Studenten viser ei begynnande evne til å leie både ei personalgruppe og ei barnegruppe.
  • Studenten viser ei begynnande evne til å kritisk reflektere over eigen praksis, og kva pedagogisk leiing har å seie i barnehagekvardagen for barna.
  • Syner ei begynnande evne til å la personale og barna medverke i arbeidet.

2. studieår.

  • Studenten har oversikt over barnegruppa og personalet.
  • Studenten har oversikt over barnehagen sin struktur og tek ansvar på leiardagane.
  • Studenten viser ei begynnande evne til å kunne rettleie personale i formelle og uformelle aktivetetar
  • Studenten viser at han er ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson.
  • Studenten viser evne til å dokumentere arbeidet på ein god måte
  • Studenten går aktivt inn i foreldresamarbeidet.
  • Studenten viser at han har relasjonskompetanse og kan sikre medverknad frå personalet.
  • Studenten viser evne til å legge til rette leikemiljøet.
  • Studenten viser at han i rolla som pedagogisk leiar er ein fagperson som kritisk kan vurdere eiga leiing og praksis.
  • Dokumenterer det pedagogiske arbeidet på ein god måte.

3. studieår.

  • Studenten er ein tydeleg leiar som har oversikt over barn og personale, og greier å nytte personalressursane positivt inn i eit prosjektarbeid.
  • Studenten skriv utfyllande didaktiske planar for prosjektet.
  • Studenten viser evne til å legge til rette leikemiljøet med spor til prosjektet på avdelinga.
  • Studenten viser evne til å reflektere over eigen og etablert praksis i praksisbarnehagen.
  • Studenten beherskar vitskaplege metodar for å samle datagrunnlag.
  • Studenten kan reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga.
  • Studenten er sjølvstendig og viser ein tydelig profesjonell identitet.
  • Studenten meistrar endringsleiing.
  • Studenten kan å drive kollegarettleiing.
  • Studenten kan finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg.
  • Kan formidle relevant fagstoff slik at det belyser ei problemstilling i utviklingsarbeidet.
  • Studenten skal kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med personalet, og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og være andreorientert.

4. studieår.

  • Studenten meistrar å knytte teori frå fordjupinga til praksis.

Vi forventar at studenten viser progresjon og har kompetanse som er forventa i første studieår når han tek til på andre studieår, med vidare.

Praksisførebuing

Før praksis tek til, får studentane praksisførebuing både i kunnskapsområda og av studieleiar og praksiskoordinator. Kunnskapsområda går gjennom arbeidskrav som skal gjennomførast i praksis sitt kunnskapsområde, og viser studentane samanhengen til arbeidskrav som skal gjennomførast i kunnskapsområdet etter praksis. Praksiskoordinator og studieleiar går gjennom innhaldet i praksis generelt.

Praksisførebuande møte

Det vert halde praksisførebuande møte før kvar praksisbolk, med unntak av dei to bolkane med 5 dagars praksis. Praksisførebuande møte er det første møte mellom student og praksislærar og barnehage. Praksisførebuande møte er obligatorisk både for studentar og praksislærarar. Nye praksislærarar vert kalla inn til eit formøte der praksiskoordinator gjer dei kjende med praksis. Det er praksiskoordinator som har ansvar for organiseringa av praksisførebuande møte, og kunnskapsområda deltek med sin del. Den siste delen av møtet er sett av til fagmøte før praksis. Her sitt student og praksislærar saman, utvekslar informasjon og startar planlegging av praksisbolken..

Forventningssamtale

I ei forventningssamtale avklarar praksislærar og student gjensidige forventningar til kvarandre og den praksisperioden dei skal inn i. Denne samtalen skal student og praksislærar gjennomføre ein av dei første dagane av praksis. Studentane skal også ta med, og gjere kjent for praksislærar, oppsummering/konklusjon frå siste års praksis.

Fagmøte i praksis.

Målsetjinga med fagmøte er å styrke samarbeidet kring rettleiing og vurdering av studenten, og å drøfte faglege spørsmål som gjeld studenten. Studenten skal på førehand skrive og levere rettleiingsgrunnlag som er utgangspunkt for drøftingane. Dette er eit drøftingsmøte der ein tek opp forholdet mellom teori og praksis og studenten sin utvikling av praksisteori og profesjonelle identitet. Rettleiinga har ei samtaleform og ber preg av refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksis. Fagmøte skal vere ei fagleg kompetanseheving for alle partar som deltek på møte. Deltakarane på fagmøte i praksis er studentar, praksislærarar og faglærarar i ein eller fleire praksisbarnehagar. Det er fagmøte i praksis ein gang kvart studieår. Kvart kunnskapsområde vel kven av faglærarane som skal delta.

Rettleiing i praksis.

Studenten har fått kjennskap til kva rettleing er gjennom undervisninga ved Høgskulen i Volda. Studenten skal ha 1,5 time rettleiing kvar veke. Det meste av rettleiinga skal gå føre seg ved individuelle samtalar mellom praksislærar og student. Når praksislærar har to studentar samstundes, kan noko av tida vere felles, men i tillegg skal det vere individuelle samtalar. Det vert kravd at både student og praksislærar er godt førebudde til rettleiing, og studentane skal alltid levere inn skriftleg rettleiingsgrunnlag på førehand. Dette skal leverast etter avtale med praksislærar minst ein virkedag før rettleiing. Rettleiingsgrunnlaget er eit arbeidsreiskap for praksislærar og student. Det er eit hjelpemiddel for å planlegge og forstå didaktisk arbeid. Ved å ta utgangspunkt i studenten sitt rettleiingsgrunnlag skal praksislærar hjelpe studenten til å reflektere over barnehagelærarrolla, eigne planar og eigen praksis. Det er også ein føresetnad at det går føre seg rettleiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Praksisoppsummering.

Kvart kunnskapsområde organiserer ei fagleg oppsummering etter praksis, der studentane delar erfaringar med kvarandre. Praksiskoordinator og studieleiar har også ei generell praksisoppsummering, der vi samanfattar praksisperioden generelt.Dette kan bli gjort gjennom å svare på eit skjema.

Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Den enkelte praksisbarnehage har, saman med fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga på høgskulen, ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin faglærar i praksis. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Undervisninga skal ta opp studenten sine erfaringar frå praksisfeltet og nytte desse erfaringane som ressurs i arbeidet med kunnskapsområda. Høgskulen skal syte for at studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis vert integrerte i teoretiske og faglege perspektiv i dei einskilde kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gje studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.

Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i samband med praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til arbeidskrav i praksis. Om ein student har fråvær frå praksis, må studenten ta att dagane. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.

Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er stått /ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret og faglærar tek del i vurderinga under fagmøte i praksis. I situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med styrar, studieleiar og praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dette vert vurdert opp mot krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Internationalisation

Det er lagt inn ein studietur til utlandet i fleire av fordjupingane.

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 7. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet. Barnehagelærarutdanninga tilrår studentane på barnehagelærarutdanninga å reise til Stranmillis University College (SUC) i Belfast
 

Expenses

Nokre kunnskapsområde krev ei materialavgift, og nokre legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen. Studentane må rekne med kostnader til dette.

Studentane må rekne med reiseutgifter til og frå barnehagen i praksisperiodene. 

Evaluation

Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet:

  • Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar.
  • Faggrupper for studiekvalitet knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner).
  • Rettleiing og oppfølging i fag og praksis v/ basisgruppeleiar.
  • Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne. 
  • Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Ansvarleg
Elisabeth Welle, Tlf. 70075450, Elisabeth.welle@hivolda.no