Barnehagelærarutdanning deltid
Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over fire år. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i samfunnet som er prega av mangfald og endring.
Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid i barnehage, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.
Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra har ujamn studiepoengfordeling med 40 studiepoeng første studieår , og 50 studiepoeng andre studieår. Dei to siste studieåra har 45 studiepoeng kvar.
Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.
I utdanninga har vi valt fem gjennomgåande tema som skal vere integrert i alle kunnskapsområde.
Gjennomgåande tema er:
- Profesjonell identitet - dette avspeglar den einskilde si utvikling fram mot rolla som barnehagelærar og er påverka av teori og relevant erfaring. Alle kunnskapsområde i utdanninga er profesjonsretta gjennom integrering av teori og praksis. Dei ulike kunnskapsområda bidreg med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige profesjonskompetanse, som mellom anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning. Undervisninga er praksisnær og sett teoretisk undervisning i eit anvendt og profesjonsretta perspektiv. Dette er med på å hjelpe studenten si evne til kritisk refleksjon over praksis og evne til å nytte kunnskap i eiga profesjonsutøving.
- Leiing - utdanninga skal etter forskrifta vektlegge pedagogisk leiing. Leiing handlar om både mellommenneskelege relasjonar, påverknad gjennom kommunikasjon og organisering av arbeidet for å nå felles mål. Ein barnehagelærar skal leie både barnegruppe og personalgruppe i pedagogisk arbeid. Pedagogisk leiing tyder at barnehagelæraren har ansvar for at innhaldet i barnehagen følgjer mandatet og føremålet for barnehagen.
- Mangfald - utdanninga skal etter forskrifta leggje vekt på det aukande mangfaldet i barnehagen. Til grunn for dette ligg det mellom anna at det i barnehagen i dag er fleire barn med behov for ekstra støtte og fleire med fleirspråkleg bakgrunn. Utdanninga skal vektleggje tydinga av samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna, og med andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Også arbeid med likestilling fell under mangfaldsomgrepet. Alle kunnskapsområde skal fremje eit reflektert syn på likestilling. Likestilling handlar om relasjonar, og om å sjå og legge tilhøva til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster. I barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda legg vi denne definisjonen til grunn for arbeidet med mangfald.
- Dei yngste barna i barnehagen - vert også definert som ein del av mangfaldet i barnehagen. Vi har valt å sette opp dette som eit eige punkt fordi det i dagens samfunn er ei gruppe som har vakse sterkt i tal i barnehagen. Alle kunnskapsområda skal sjå til at innhaldet i undervisninga kan tilpassast dei ulike alderstrinna som er representerte i barnehagen.
- Barns rett til medverknad - utdanninga skal vere med å bidra til å fremme forståing av menneskeverdet og demokrati, særleg gjennom medverknad. Alle kunnskapsområde skal aktivt medverke til at studenten ser løysingar for korleis dei kan leggje til rette for dette i yrket.
Rettleia og vurdert praksisopplæring er integrert i alle kunnskapsområde i utdanninga, og det vil vere eit samarbeid mellom faglærar på høgskulen og praksislærar. Det er praksisopplæring i alle studieåra. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar.
Utdanninga bygger på forskingsbasert kunnskap og er i kontinuerleg utvikling, og skal bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Utdanninga gir både eit historisk, aktuelt og framtidsretta perspektiv på yrket og barnehagen si rolle som ein del av utdanningsløpet.
Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradstudium.
Studieplanen er utarbeidd i tråd med lov om Universiteter og høgskoler av 1. april 2005 og studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga med nasjonale retningslinjer fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-04-475
I følgje formålsparagrafen i forskrifta skal den "...sikre at institusjonene tilbyr integrert, profesjonsrettet og forskningsbasert barnehagelærerutdanning med høy faglig kvalitet og at det legges til rette for et forpliktende samspill mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt”.
Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6.
Studentar ved barnehagelærarutdanninga er underlagt teieplikt, jf forvaltningsloven §13, universitets- og høyskoleloven §4-6. og barnehageloven §20 Ved studiestart får studenten utlevert eit skjema for teieplikt som dei skal signere.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
- har brei kunnskap i pedagogikk og om barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om barns leik og læringsprosessar.
- har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
- har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
- har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.
Kandidaten
- kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine.
- kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
- kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling.
- kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
- kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
- kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
- kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak.
- kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Kandidaten:
- har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
- kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
- har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar.
Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over fire år med studiepoenga fordelt slik: 1. år 40 studiepoeng, 2. år 50 studiepoeng, 3. år 45 studiepoeng og 4. år 45 studiepoeng. Arbeidsmengda vil vere omlag 1200 arbeidstimar per år, fordelt over ca.40 veker. Undervisninga er organisert ved at studentane møter til vekesamlingar på Campus i Volda 6 gongar kvart studieår, saman med undervisning i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect på nett ein fast dag kvar veke.
Dei seks kunnskapsområda i utdanninga er sett saman av desse ti lærarutdanningsfaga: pedagogikk, norsk, naturfag med miljølære, matematikk, RLE, samfunnsfag, fysisk fostring, drama, forming og musikk. Pedagogikk skal sikre eit felles integrert barnehagefagleg fundament i alle kunnskapsområder, og slik ivareta ei gjennomgåande profesjonsfagleg og vitskapleg plattform i ein heilskapleg og integrert utdanning. Utdanninga er organisert ved at kunnskapsområda er fordelt på dei fire studieåra. Undervisning i alle kunnskapsområda blir gitt parallelt i 1. – 3. studieår. I 4. studieår vert det undervist i bacheloroppgåve, fordjuping og/eller internasjonalt semester. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.
I løpet av 3. studieår skal studentane velje eit fordjupingsemne. Og i vårsemesteret 4. studieår gjennomføre arbeid med, og skrive ei bacheloroppgåve.
Fordjupingane som studentane ved Høgskulen i Volda kan velje er Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama som bygger på kunnskapsområde Kunst, kultur og kreativitet og barns utvikling, leik og læring. Barn, natur og friluftsliv som bygger på kunnskapsområde Natur, helse og rørsle, eller Mangfald og meistring som bygger på kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring og Språk tekst og matematikk. Undervisninga i fordjupingane vert organiset saman med heiltidsstudentane i haustsemesteret 4. studieår.
Sjå ementabellar for meir informasjon om studieløpet.
Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om at dei har stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i læringsgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med læringsgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.
Arbeids- og læringsformer som studentane kan møte er:
- forelesing, seminar og gruppeøvingar
- praktisk arbeid og formidling
- skriving av reflekterande fagtekstar
- prøve med multiple choice
- skriving av gruppeoppgåve, med studentrespons
- produksjon av multimodale forteljingar
- skriving av fagtekstar og bacheloroppgåve
- bruk av nettbasert læringsplattform
- rettleiing i praksis
- rettleiing individuelt og i gruppe
Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i den enkelte emneplan, og i semesterplanane.
Det er obligatorisk undervisning i alle emne. Sjå den einskilde emneplan. Krav om oppmøte er sett fordi læring skjer gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid saman med medstudentar, barn og lærarar. Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html
Læringsutbytta både overordna og i kunnskapsområda, praksis, fordjuping og bacheloroppgåve skal bli vurdert. Høgskulen har ulike former for vurdering som skal identifisere at studenten sitt inne med dei kunnskapane, ferdigheitene og generell kompetanse som denne studieplanen har satt opp. Slik vurdering skjer ved at studentane gjennomfører arbeidskrav og eksamen.
For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført, før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.
Studenten må ha karakteren stått i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.
Arbeidskrav og eksamen
For å få adgang til eksamen må studenten ha oppfylt alle arbeidskrav i emne. Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda . Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk godkjent/ikkje godkjent. Tap av eksamensrett kan medføre ei forseinking i studiet. For meir informasjon om arbeidskrav som skal vere gjennomført sjå den einskilde emneplan. Fristar for arbeidskrav finn ein i oppsett studierute for studieåret og i semesterplan for emne.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Dei eksamensformene som er i bruk i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil verte nytta kvar for seg eller i kombinasjon: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, praktisk gruppeeksamen, munnleg eksamen, bacheloroppgåve med vidare. Alle emne har karakter på vitnemålet. Karakterutrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A-E for stått eksamen og F for ikkje stått, eller stått/ikkje stått. Praksis vert vurdert etter skalaen stått/ikkje stått. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.
Studentar som søkjer innpass av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.
Det kan bli gitt fritak frå prøve i ei av målformene for studentar som ikkje har vurdering i begge målformene i norsk frå vidaregåande opplæring. Tilsvarande gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring i Noreg. Fritaket skal verte ført på vitnemålet.
Søknad om overflytting.
I følgje nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanningen (KD 2012) kan studentar som går på heiltidsmodellen søkje om overgang frå ein studiestad til ein annan etter andre studieår. På deltidsmodellen kan ein også søkje om overflytting. Det er ein føresetnad at det er ledig plass på studiet og at det er samsvar mellom studieplanen ved Høgskulen i Volda og den eksterne institusjonen sin studieplan.
Course | 2018 A | 2019 S | 2019 A | 2020 S | 2020 A | 2021 S | 2021 A | 2022 S |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
10 | 10 | |||||||
10 | 10 | |||||||
* | ||||||||
15 | 15 | |||||||
10 | 10 | |||||||
* | * | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
15 | 15 | |||||||
* | * | |||||||
Valbare fordjupingar | 30 | |||||||
30 | ||||||||
30 | ||||||||
30 | ||||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||||
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
* | ||||||||
Sum (180 total) | 20 | 20 | 25 | 25 | 22.5 | 22.5 | 30 | 15 |
Det er nødvendig at studenten har kle til å vere ute i alle typar vêrtilhøve til alle årstider, dette er nødvendig på grunn av at praksisperiodane er lagt til ulike årstider, samt at mykje av undervisninga i emne Natur, helse og rørsle er ute. Det er også eit krav at studenten kan disponere turski til veka som er sett av til Barn og snø. Kle til å nytte i undervisning i idrettshall og symjebasseng er også eit krav.
Studenten må ha ei normalt kraftig datamaskin, berbar eller stasjonær som må oppfylle visse krav:
- Maskina bør ikkje vere eldre enn 2 år
- Minne (RAM): Minst 4 Gb
- Prosessor (CPU): Minst to-kjerna (dual core) AMD eller Intel. Fire-kjerna prosessor gir langt bedre yting.
- Harddisk: Minst 50 Gb ledig plass
- Skjerm som har god oppløysing, og ikkje er for liten. Skjermen bør minimum vere på 15,4 tommar, med ei skjermoppløysing på 1366x768 eller meir. Dersom du skal kjøpe ny maskin, tilrår vi HD-oppløysing.
- Nettbrett, som iPad eller tilsvarande, kan ikkje brukast som hovudmaskin. Netbooks som Acer Aspire One, Asus Eee og tilsvarande er for små til å følge nettundervisning på.
Det er viktig å ha eit godt webkamera. Berbare maskiner har ofte innebygd webkamera med mikrofon. Har du ei slik maskin, må du sjekke om dette kameraet og lyden er bra nok. Dersom du må kjøpe må det vere eit kamera i HD-kvalitet med usb-kobling og ekkokansellering på mikrofonen.
Du treng eit godt headset med mikrofon. Headset må vere av USB-type, ikkje mini-Jack plugger. Du kan ikkje bruke lause eller innebygde mikrofonar i skjerm eller pc.
For å få eit stabilt bilde og god lydkvalitet, er det viktig at du har stabil nettforbindelse. Forbindelsen må ha lav grad av pakkeforsinking (<50Ms). Du må ha minimum 5 Mbps hastighet nedlasting, og 0,5 Mbps opplasting (Telenor Breiband 5 eller tilsvarande). Vi anbefaler at du ikkje er tilknytt trådløst nett på nettsamlingane, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom PC/laptop og router.
Programvare
• For PC-brukarar: Vi anbefaler Windows 8, Windows 7 eller eventuelt Windows Vista.
• For Mac-brukarar: Vi anbefaler OS X 10.6 eller nyare
Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html
Både tilsette ved høgskulen, medstudentar, praksislærarar og tilsette i praksisbarnehagen har eit ansvar i denne samanhengen. Studentar som syner svakheiter i høve til å meistre yrket, må så tidleg som mogeleg i utdanninga få informasjon om dette. Alle involverte partar har plikt til å melde frå dersom dei har ei bekymring for studentar i høve til skikkavurdering. Slik bekymring skal meldast til studieleiar, som vidare sender bekymringsmeldinga til institusjonsansvarleg for skikkasaker.
Eit mål for praksis i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Vi syner til emneplanar for praksis og Praksishefte del I og II for utfyllande informasjon om gjennomføring og vurdering av praksis. Det vert kravd at studentane setter seg nøye inn i desse dokumenta. Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområde og fordjupingsemna. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og vi legger stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehage, studentane og faglærarane ved høgskulen.
Studentane skal få variert praksisopplæring, noko som inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid med barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.
Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til barna i barnehagen. Også når det er studentar i praksis skal barna si kjensle av tryggleik og omsorg vidareførast. Det er viktig at studentar i praksis ser til at det er ein raud tråd mellom innhaldet i barnehagen sin årsplan, det barna har arbeidd med før studentane kom i barnehagen, til dei aktivitetane som studentane skal gjennomføre. Og det barnehagen i følge barnehagen sine planar skal arbeide med når studentane er ferdige i praksis.
I løpet av dei fire studieåra skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis, vi tenker ein progresjon både i høve til oppgåver og arbeidskrav. Praksis fordeler seg slik:
- semester - ikkje praksis
- semester - 25 dagar i barnehage - Observasjon, leie barnegruppe og samarbeide med personalgruppe gjennom pedagogiske aktivitetar
- semester - 30 dagar i barnehage - leie ei barne og personalgruppe gjennom eit tema arbeid, legge til rette for at barna får estetiske opplevingar.
- semester - ikkje praksis
- semester - 17 dagar i barnehage - leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid
- semester - 18 dagar i barnehagen - leie delar av eit utviklingsarbeid + 5 dagar i barnehage Gjennom vitskapelege metodar samle kunnskap om overgangen barnehage-skule
- semester - 5 dagar i barnehagen - oppgåver knytt til fordjuping
- semester - ikkje praksis
Praksisperiodane er integrert med kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbytta frå praksis skal henge saman med læringsutbytta i kunnskapsområda.
Det er ein progresjon i praksis. Det vil seie at arbeidskrava vert stadig meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir.
1. studieår.
- Studenten greier å skape gode og omsorgsfulle relasjonar med barna. Studenten er ein god rollemodell for barna.
- Studenten viser evne til å nytte ulike observasjonsmetodar.
- Studenten viser gryande evne til å nytte ein didaktisk modell i arbeidet.
- Studenten viser ei gryande evne til leiing.
- Syner ei gryande evne til å la personale og barna medverke i arbeidet.
- Studenten viser evne til å fange og halde merksemda frå ei barnegruppe.
- Studenten viser initiativ til kontakt med føresette.
- Studenten viser evne til å dokumentere arbeidet.
- Studenten viser ei gryande evne til å reflektere over eigen praksis.
2. studieår.
- Studenten har oversikt over barnegruppa og personalet.
- Studenten har oversikt over barnehagen sin struktur og tek ansvar på leiardagane.
- Studenten viser tydelig leiing.
- Studenten nyttar ulike observasjonsmetodar som verktøy i arbeidet.
- Dokumenterer det pedagogiske arbeidet på ein god måte.
- Studenten går aktivt inn i foreldresamarbeidet.
3. studieår.
- Studenten er ein tydeleg leiar som har oversikt over barn og personale, og greier å nytte personalressursane positivt inn i eit prosjektarbeid.
- Studenten skriv utfyllande didaktiske planar for prosjektet.
- Studenten viser evne til å legge til rette leikemiljøet med spor av prosjektet på avdelinga.
- Studenten viser evne til å reflektere over eigen og etablert praksis i praksisbarnehagen.
- Studenten beherskar vitskaplege metodar for å samle datagrunnlag.
- Studenten viser ein tydeleg profesjonell identitet.
- Studenten beherskar endringsleiing.
- Studenten har leiarkompetanse og rettleier personalet i barnehagen på ein god måte.
- Kan formidle relevant fagstoff slik at det belyser ei problemstilling i utviklingsarbeidet.
4. studieår.
- Studenten meistrar å knytte teori frå fordjupinga til praksis.
Vi forventar at studenten viser progresjon, og at studenten har kompetanse som er forventa i første studieår når han tek til på andre studieår med vidare.
Praksisførebuing
Før praksis tek til, får studentane praksisførebuing både i kunnskapsområda og av studieleiar og praksiskoordinator. Kunnskapsområda går gjennom arbeidskrav som skal gjennomførast i praksisi sitt kunnskapsområde. Og viser studentane samanhengen til arbeidskrav som skal gjennomførast i kunnskapsområde etter praksis. Praksiskoordinator og studieleiar går gjennom innhaldet i praksis generelt.
Praksisførebuande møte
Det vert halde praksisførebuande møte før kvar praksisbolk, med unntak av dei to bolkane med 5 dagars praksis. Praksisførebuande møte er det første møte mellom student og praksislærar og barnehage. Praksisførebuande møte vert halde på konferansesystemet Adobe Connect, studenten møter i praksisbarnehagen til avtalt tid og loggar seg inn. Praksislærar og student sitt saman under møte. Praksisførebuande møte er obligatorisk både for studentar og praksislærarar. Nye praksislærarar får tilbod om førebuing gjennom tilgang til ulike informasjonsfilmar om praksisopplæringa på førehand. Det er praksiskoordinator som har ansvar for organiseringa av praksisførebuande møte, og kunnskapsområda deltek med sin del. Ein del av møte er sett av til fagmøte før praksis. Her sitt student og praksislærar saman, og dei utvekslar informasjon, og startar planlegging av praksisbolken.
Forventningssamtale
Ein forventningssamtale er ein samtale der praksislærar og student avklarar gjensidige forventningar til kvarandre for den praksisperioden dei skal inn i. Denne samtalen skal student og praksislærar gjennomføre ein av dei første dagane av praksis. Studentane skal også ta med, og gjere kjent for praksislærar, oppsummering/konklusjon frå siste års praksis.
Fagmøte i praksis.
Fagmøte i praksis vert halde på konferansesystemet Adobe Connect. Student og praksislærar sitt saman framfor ein pc, der studenten har logga seg inn i systemet. Deltakarane på fagmøte i praksis er studentar, praksislærarar og faglærarar i ein eller fleire praksisbarnehagar. Det er fagmøte i praksis ein gang kvart studieår. Kvart kunnskapsområde vel kven av faglærarane som skal delta på fagmøte. Målsetjinga med fagmøte er å styrke samarbeidet rundt rettleiing og vurdering av studenten, og å drøfte faglege spørsmål som gjeld studenten. Studenten skal på førehand skrive, og levere, rettleiingsgrunnlag som er utgangspunkt for drøftingane.
Rettleiing i praksis.
Studenten har fått kjennskap til kva rettleing er i undervisninga på høgskulen i Volda.Studenten skal ha 1,5 time rettleiing kvar veke. Det meste av rettleiinga skal gå føre seg ved individuelle samtalar mellom praksislærar og student. Når praksislærar har to studentar samstundes, kan noko av tida vere felles, men i tillegg skal det vere individuelle samtalar. Det vert kravd at både student og praksislærar er godt førebudde til rettleiing, og studentane skal alltid levere inn skriftleg rettleiingsgrunnlag på førehand. Dette skal leverast etter avtale med praksislærar minst ein virkedag før rettleiing. Rettleiingsgrunnlaget er eit arbeidsreiskap for praksislærar og student. Det er eit hjelpemiddel for å planlegge og forstå didaktisk arbeid. Ved å ta utgangspunkt i studenten sitt rettleiingsgrunnlag skal praksislærar hjelpe studenten til å reflektere over barnehagelærarrolla, eigne planar og eigen praksis. Det er også ein føresetnad at det går føre seg rettleiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.
Praksisoppsummering.
Kvart kunnskapsområde organiserer ei fagleg oppsummering etter praksis, der studentane delar erfaringar med kvarandre. Praksiskoordinator og studieleiar har også ei generell praksisoppsummering, der vi samanfattar praksisperioden generelt.
Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Den enkelte praksisbarnehage har, saman med fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga på høgskulen, ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin faglærar i praksis. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Undervisninga skal ta opp studenten sine erfaringar frå praksisfeltet og også nytte desse erfaringane som ressurs i arbeidet med kunnskapsområda. Høgskulen skal syte for at studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis vert integrerte i teoretiske og faglege perspektiv i dei einskilde kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gje studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.
Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i tilknyting til praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til arbeidskrav i praksis. Om ein student har fråvær frå praksis, må studenten ta att dagane. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.
Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er stått /ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret og faglærar tek del i vurderinga under fagmøte i praksis. I situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med styrar, studieleiar og praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
Det er lagt inn ein studietur til utlandet i fleire av fordjupingane.
Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 7. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet. Barnehagelærarutdanninga tilrår studentane på barnehagelærarutdanninga å reise til Stranmillis University College (SUC) i Belfast
Nokre kunnskapsområde krev ei materialavgift , og nokre legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen, og studentane må difor rekne med kostnader til dette.
Studentane må rekne med reiseutgifter til og frå barnehagen i praksisperiodene.
Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet: Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar. Faggrupper for studiekvalitet knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner). Rettleiing og oppfølging i fag og praksis v/ basisgruppeleiar. Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne. Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga. Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.