See list of study plans starting on:

Spesialpedagogikk. Heiltid

Program of study: 
Special Education
Level of study: 
Master
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
15
Type of study: 
Further education (master's degree level)
Study mode
Full-time
Admission and rating

1. Opptaksgrunnlaget til vidareutdanning i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanninga
  • allmennlærarutdanning
  • førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering.

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik:

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning.
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget.

4. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for internasjonale studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.

About

Studiet i spesialpedagogikk har som utgangspunkt at all opplæring i barnehage og skule skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak.

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Studenten

•    har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor dei respektive spesialiseringane
•    har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
•    har kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til det respektive fagfeltet

Learning outcome skills

Studenten

•    kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte ut frå dei respektive spesialiseringane.
•    kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
Content structure

Alle emna i vidareutdanninga går over eit semester, med i alt fem samlingar i Volda for kvart av dei. Studentane byrjar til vanleg med emne UL301. 

Etter individuell vurdering er det mogleg å nytte godkjende emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om innpassing i studiet. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

 

Spesialpedagogikk. Heiltid, oppstart haust (2 semester)
Navn: 
Spesialpedagogikk. Heiltid, oppstart haust (2 semester)
Ansvarleg
Torhild Høydalsvik