Religion, kultur og samfunn 30 stp
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Studenten vel to av dei fem emna som tilbys. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. Dei ulike emna i studiet Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal etter endt studium ha kunnskap
- om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
- om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
- om religions- og livssynskritikk
- om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
- om heilage tekstar og religiøse praksisar
- om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
Studenten skal ha
- analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
- evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
- evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
Studenten skal
- kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
- kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
- kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
- kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Studenten vel to av emna etter eige val. Studiet kan gjennomførast på heiltid over eitt semester, eller på deltid over to semester. Undervisninga er obligatorisk.
Det blir gitt tilbod om ein ekskursjon til London. Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte.
Course | 2021 Autumn | 2022 Spring |
---|---|---|
Studentane skal velje eitt av to emne i haustsemesteret | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
Studentane skal velje eitt av tre emne i vårsemesteret | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |