Sjå liste over studieplanar som starter på:

Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet

Program of study: 
Programming for teachers, 1st-7th Grade - Competence for quality
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
2 semesters
Year: 
2021
Number of students: 
50
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning

About

Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.

I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuelle og tekstbaserte programmeringspråk. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i dagens skule.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Kandidaten kan

  • vise forståing for programmeringa si nytte i skule og samfunn
  • vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
  • vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse desse digitalt.
  • vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
  • gjere greie for ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk til bruk i skulen
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Learning outcome skills

Kandidaten kan

  • utforme algoritmar og pseudokode, generalisere og tilpasse eksisterande algoritmar og kode
  • utvikle program ved hjelp av visuell- og tekstbasert programmering
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Learning outcome qualification

Kandidaten kan

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
  • bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen
  • bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
Content structure

Emnet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Ansvarleg
Kim André Stavenæs Refvik T: 70 07 53 08 E: kim.refvik@hivolda.no