Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med blokkprogrammering og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i dagens skule.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten kan
- vise forståing for programmeringa si nytte i skule og samfunn
- vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
- vise grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
- vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse desse digitalt.
- vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
- gjere greie for ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk til bruk i skulen
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Kandidaten kan
- utforme algoritmar og pseudokode, generalisere og tilpasse eksisterande algoritmar og kode
- utvikle program ved hjelp av visuell- og tekstbasert programmering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Kandidaten kan
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen
- bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
Emnet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Course | 2020 Autumn | 2021 Spring |
---|---|---|
7.5 | ||
7.5 | ||
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |