Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk sitt hovudmål er å gje studentane solid kompetanse for arbeid med tilpassa opplæring, inkludering og likeverdige tilbod i barnehage og skule.
Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialpedagogikken. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i barnehagefaglege, skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i barnehage og skule.
Avhengig av forkunnskap kan dette studiet gje deg
- lektorkompetanse
- auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
- kvalifikasjonar for m.a.:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
- arbeid i PP-tenesta
- arbeid i høgskulesektoren
- opptak til doktorgradsprogram
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne
- har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
- har grundige kunnskapar om forskingsmessig tilnærming til fagfeltet
Studenten
- kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa
- kan sikre best mogleg kvalitet på tilpassa opplæring for den enkelte
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Studenten
- kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld mangfaldet i barne- og elevgruppa
- kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking og kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis
- kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid i ulike utdanningsinstitusjonar
Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304 og UL305 går alle over eitt semester, med fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. UL306D (masteroppgåva) har færre samlingar og går over tre semester.
Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306D) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.
Emna Vitskapsteori og forskingsmetode og Masteroppgåve har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Deltidsstudentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode.
Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller med anna relevant utdanning, kan søkje om å få innpassa og godkjent dette i masterprogrammet. Etter individuell vurdering er det også mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet.
Course | 2021 A | 2022 S | 2022 A | 2023 S | 2023 A | 2024 S | 2024 A | 2025 S |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | 15 | ||||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor