Rettleiings- og mentorutdanning 1
Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring, og/eller rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse og refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2017) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. I 2017 vedtok Stortinget nasjonale rammer for rettleiing av nyutdanna, der eit godt utdanningstlbod for rettleiarar er sentralt for god rettleiing. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til å støtte desse tiltaka.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha kunnskap om:
- varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
- korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
- korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
- studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i barnehage og skule
Studenten skal kunne:
- bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
- analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
- utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
- støtte og utfordre både studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Studiet er samlingsbasert med fire todagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda.
Sjå emneplanen for informasjon om samlingar
Course | 2022 Autumn | 2023 Spring |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studentane må ha tilgang til programvare som gjer at dei kan delta i rettleiing på nettet gjennom Zoom eller Teams.
Studentane skal rettleie medstudentar i nettverksgrupper utanom samlingane og studentar og/eller kollegaer på arbeidsplassen.