Sjå liste over studieplanar som starter på:

Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning

Program of study: 
Mentoring 1
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
30
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Studentane må ha godkjent lærarutdanning (BLU/GLU/PPU) og vere i arbeid i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.  

About

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring, og/eller rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om, og ferdigheiter i, rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse og refleksjon, og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.

National regulations

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2017) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også kunne gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. I 2017 vedtok Stortinget nasjonale rammer for rettleiing av nyutdanna. Alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing, og utdanning av rettleiarar er eit av tiltaka for å sikre god rettleiing (KD 2018).  Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til å støtte desse tiltaka.

Learning outcome

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • har kunnskap om varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • har innsikt i etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
  • har kunnskap om korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • har innsikt i korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
Learning outcome skills

Studenten 

  • kan planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • kan stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • kan analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • meistrar å utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kan drøfte teoriar og erfaringar med andre og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Content structure

Studiet er samlingsbasert med fire todagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar (Minimum 75% oppmøte). Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda.

Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
Informasjon

Sjå emneplanen for informasjon om samlingar

Course2023 Autumn2024 Spring
7.57.5
Requirements

Studentane må ha tilgang til programvare som gjer at dei kan delta i rettleiing på nettet gjennom Zoom eller Teams.

Professional training

Studentane skal rettleie medstudentar i nettverksgrupper utanom samlingane og studentar og/eller kollegaer på arbeidsplassen.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes