Spesialpedagogikk i barnehagen - Kompetanse for fremtidens barnehage
Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.
Studiet set søkelys på eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing og meistring for barn med ulike føresetnadar. Studiet omhandlar kunnskap om å legge til rette for eit allmennpedagogisk tilbod av god kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv.
Kunnskap om foreldresamarbeid og tverrprofesjonelt arbeid inngår også Samanhengar mellom åtferd og læringsmiljø er sentrale tema. Det same gjeld kunnskap om implementering for å legge til rette for og gjennomføre relevante endringsprosessar.
Det er mogleg å søke innpass for studiet Spesialpedagogikk i barnehagen, som del av masterprogrammet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Strategien "Kompetanse for framtidas barnehage"
Vidareutdanninga inngår som eit av kompetanseutviklingstiltaka i regjeringas Kompetanse for fremtidens barnehage - Revidert kompetansestrategi for perioden 2023 - 2025 (regjeringen.no).
Strategien har tiltak retta mot alle grupper av tilsette i barnehagen og har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå. Den har også som mål å sikre at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet.
Vidareutdanningstilboda for barnehagelærarar skal bidra til at ein aukande del barnehagelærarar
utviklar kompetanse på mastergradsnivå, i tråd med prioriterte områder i rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Studiet skal styrke barnehagelærarens kompetanse i planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid.
Barnehageeigar kan mota midlar for tilsette som deltar på vidareutdanningstilbod igangsett av Utdanningsdirektoratet. Les meir om tilretteleggingsmidlar og korleis desse kan nyttast på Utdanningsdirektoratet sine nettsider (Udir.no)
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Kandidaten skal ha:
- inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering og tidleg innsats.
- omfattande kunnskap om spesialpedagogiske problemstillingar og endringsarbeid
- grundig kunnskap om tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, i tillegg til samarbeid med heimen
Kandidaten kan:
- analysere og vurdere perspektiv på læringsmiljø i eit inkluderande fellesskap
- identifisere, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og føresetnadar
- skape vilkår for førebygging av vanskar knytt til åtferd
Kandidaten kan:
- vurdere betydninga av inkluderande og likeverdige vilkår for utvikling og læring
- vurdere eigen yrkespraksis og kunne gjennomføre endringsprosessar med utgangspunkt i det spesialpedagogiske forskingsfeltet
Studiet er samlingsbasert med inntil tre fysiske samlingar à to dagar per semester. Arbeidsmåtane vil variere mellom forelesning og anna undervisning på campus og nett, seminar og workshops, gruppeoppgåver og individuelle oppgåver.
Course | 2024 Autumn | 2025 Spring |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon