Sjå liste over studieplanar som starter på:

Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)

Program of study: 
History - yearcourse (netbased, part time)
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
4 semesters
Year: 
2025
Number of students: 
10
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved Høgskulen i Volda (HVO) skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i enkelte bachelorutdanningar ved HVO, andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Content structure

Studiet er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel studentane enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt fordjupingsemne (200-nivå). Oppstart på fordjupingsemne krev at minst to av dei obligatoriske grunnemna er fullført først. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium. Heiltidsstudenten vel to emne pr. semester. Deltidsstudenten gjennomfører eitt emne pr. semester. 

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk på nettet.

Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
Navn: 
Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
Course2025 Spring2025 Autumn2026 Spring2026 Autumn
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
 
Etter å ha gjennomført to av oversynsemna ovanfor, kan studenten velje enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt av dei valfrie fordjupingemna på 200-nivå.
 
151515
 
15
 
15
 
15
 
1515
 
1515
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Ansvarleg
Harald Johannes Krøvel, harald.johannes.krovel@hivolda.no, telf: 70054879