See list of study plans starting on:

Journalistikk - bachelor

Program of study: 
Journalism - bachelor
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2025
Number of students: 
55
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse. Kvote for søkjarar med relevant journalistisk praksis. Sjå Samordna opptak.

Det er eigne emneopptak til dei ulike spesialiseringane. Sjå meir informasjon om eventuell prioritering i den enkelte emneplan.

About

Bachelorprogrammet i journalistikk ved Høgskulen i Volda gir studentane ei brei og solid opplæring i journalistikk, med fordjupning innanfor TV, radio eller nettjournalistikk. Gjennom studiet får studentane praktisk erfaring med journalistisk metode og formidling på ulike plattformer. Fleire praksisperiodar med redaksjonelt arbeid er ein viktig del av studiet, der ein nyttar larbeidsflyt, verktøy og utstyr som i bransjen. Studentar som fullfører denne utdanninga, er ettertrakta i redaksjonar over heile landet. 

Studiet inneheld desse elementa:

·       Journalistrolla og journalistisk metode

Studentane får innsikt i journalistikkens samfunnsrolle og profesjonskultur, kombinert med praktisk opplæring i journalistisk arbeid. Fokus er å forstå journalistrolla, nyhendekriterium, og nyhendekjelder, og korleis media påverkar samfunnet. Undervisninga kombinerer teori og praksis gjennom førelesingar og praktiske oppgåver i redaksjonar. 

·       Kjeldearbeid og journalistisk undersøking

Studentane lærer å finne fram til eigne nyheiter og gjennomføre sjølvstendig undersøkjande journalistikk. Dette inkluderer kjeldekritikk, offentleglova, og innsynsrett. Undervisninga legg vekt på korleis ein kan arbeide systematisk for å skape truverdige journalistiske produkt. 

·       Mediespråk og formidling

Gjennom studiet får studentane øving i skriftleg, munnleg og visuell formidling innanfor ulike sjangrar. Her blir språksosiologi, retorikk og forteljeteknikk sentrale tema, og målet er at studentane skal utvikle ein personleg og effektiv forteljarstil, som kan brukast på tvers av medieplattformer. 

·       Medieetikk og mediejuss

Studentane blir trena i å analysere og ta stilling til etiske og juridiske problemstillingar knytt til journalistisk arbeid og publisering. Dette inkluderer tema som pressefridom, personvern, kjeldevern og opphavsrett. Studiet gir også innsikt i samanhengen mellom presseetiske retningslinjer og dei juridiske rammene for publisering. 

·       Medievitskap

Gjennom ein teoretisk og analytisk tilnærming skal studentane forstå media si rolle i samfunnet og utvikle kritisk refleksjon over profesjonen. Undervisninga gir eit historisk og samtidsaktuelt perspektiv på ytringsfridom, offentlegheit og media si makt, samt innføring i akademisk oppgåveskriving. 

Vidare moglegheiter: 

Studiet kvalifiserer for opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda. 

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha brei kunnskap om journalistrolla og journalistikken sitt samfunnsoppdrag
  • ha brei kunnskap om journalistisk metode, nyheitsjournalistikk, medieetikk og mediejuss, kjeldearbeid og kjeldekritikk, offentleglova, reglar for publisering
  • ha brei kunnskap om redaksjonelt arbeid og dei ulike funksjonane i ein redaksjon
  • ha god kunnskap om den journalistiske forteljinga, ulike sjangrar, språkbruk, dramaturgi og produksjon på ulike plattformer
  • ha grunnleggande kunnskap om utviklinga innan digitaljournalistikk og kritisk innsikt i aktuelle etiske problemstillingar
  • ha grunnleggande kunnskap om offentleg forvaltning, viktige institusjonar i arbeidslivet og sentrale problemstillingar i norsk samfunnsliv
  • ha grunnleggande kunnskap om norsk mediehistorie, utviklinga av media og problemstillingar knytta til media si rolle i samfunnet
  • ha grunnleggande kunnskap for å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • gjere kildekritiske, etiske, juridiske og analytiske vurderingar i det journalistiske arbeidet, og praktisere bruk av innsynsretten og offentleglova
  • identifisere, prioritere og vurdere ulike typer journalistisk innhald
  • arbeide fram eigne idéar og gjennomføre undersøkande nyheitsjournalistikk
  • meistre journalistisk arbeidsteknikk og den journalistiske forteljinga, og produsere saker med god flyt og oppbygging for fleire format
  • meistre bruk av teknisk produksjonsutstyr og publisere saker på ulike plattformer
  • meistre fleire roller i det redaksjonelle arbeidet
  • drøfte viktige samfunnstema og analysere media
  • meistre akademisk oppgåveskriving og reflektere over eige fagleg arbeid
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere godt rundt journalistikken si rolle og plass i samfunnet
  • reflektere godt rundt eiga profesjonsrolle og eige arbeid
  • gjere sjølvstendige etiske vurderingar rundt utviklinga i journalistikken
  • setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå ulike perspektiv
  • delta i dagleg evalueringsarbeid og reflektere rundt eige og andres arbeid
  • samarbeide godt med andre, ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
Content structure

Bachelorstudiet i journalistikk ved Høgskulen i Volda er eit treårig fulltidsstudium på 180 studiepoeng, som består av både obligatoriske og valfrie emne. Studiet er lagt opp for å gi studentane ei brei og solid opplæring innan journalistikk, med fokus på praktiske ferdigheiter og teoretisk forståing. Studiet er delt inn i ulike emne som byggjer på kvarandre, og ei detaljert oversikt over desse emna finst i studiemodellen. 

Det tredje semesteret er eit valfritt semester. Her kan studentane velje å dra på utveksling til utlandet gjennom Høgskulen sine samarbeidsavtalar, eller studere valfrie emne ved Høgskulen i Volda eller andre godkjende norske utdanningsinstitusjonar. 

Studiet er krevjande og krev aktiv deltaking. Det er stor grad av obligatorisk undervisning, innleveringsoppgåver og praktiske øvingsproduksjonar der studentane får øve seg i journalistiske arbeidsmetodar. Gjennom studiet skal studentane produsere journalistiske arbeid, som blir vurdert opp mot relevant teori og praksis. Undervisninga dekkjer heile spekteret av journalistiske ferdigheiter – frå grunnleggande teknikkar til meir avansert og undersøkjande journalistikk. Dette gir studentane det faglege grunnlaget dei treng for å møte krava i den journalistiske yrkesverda. 

Journalistikk - bachelor
Navn: 
Journalistikk - bachelor
Course2025 Autumn2026 Spring2026 Autumn2027 Spring2027 Autumn2028 Spring
Obligatoriske emne første studieår:
15
15
Praksisførebuing
*
NYMEV1 Medium, Public Sphere and Freedom of Expression
10
10
Val av praksisemne første og andre studieår. Studentane kan ikkje velje same emne to gonger.
1010
 
1010
 
1010
 
1010
 
15
 
10
 
10
Valsemester andre studieår:
30
 
Utveksling/internasjonalisering
30
 
30
 
15
 
15
 
15
 
15
Obligatoriske emne andre studieår:
10
10
Obligatoriske emne tredje studieår:
15
Nye JOU214
10
Val av intern fordjupingspraksis tredje studieår:
15
 
15
 
15
 
15
Ekstern praksis
20
Professional training

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis. Studentane vel eit praksisemne og arbeider saman i ein stor redaksjon med produksjon og punblisering av journalistisk innhald. Studentane må velje ulike praksisemne i første og andre periode. Fordjupingspraksisen i tredje periode byggjer på eitt av vala som er gjort i første og andre periode. I siste perioden blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder, og type praksis vil vere knytt til valt fordjupingspraksis i tredje periode.

I periodane med intern praksis vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette arbeidsplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

Internationalisation

Bachelorstudiet i journalistikk har samarbeidspartnarar i fleire land, og mange studentar vel å studere i utlandet i det valfrie tredje semster. Aktuelle emne må vere relevant for journalistisk arbeid. Det er krav om å ta 30 studiepoeng i valfrie emne dette semesteret.

Ansvarleg
André Folkestad