Forsking og utvikling

  • FoU-prisvinner Inger Marie Okkenhaug og rektor Johann Roppen

    FoU-prisen 2020: Produktiv og internasjonalt retta prisvinnar

    Publisert

    Ho har vore innom ei rekke land i verda for å forske og forsøke å forstå meir av møtet mellom kulturar, religionar, kvinner og menn. Fredag var professor Inger Marie Okkenhaug på plass i Volda for å ta i mot FoU-prisen 2020 som ei stadfesting på det gode forskingsarbeidet ho har gjort.

  • FoU-prisutdeling 2019

    Strøymer FoU-pris-utdeling fredag

    Publisert

    På grunn av smitterverntiltak er det berre inviterte gjestar som får vere til stades under FoU-pris-utdelinga i biblioteket fredag 18. september. Men ikkje fortvil, du kan sjå utdelinga direkte her frå kl. 11.00.

  • Ny forsking om vilkåra for nynorsk mellom barn og unge

    Publisert

    I eit nytt nummer av skriftserien «Skriftkultur» undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. For studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

  • Ny bok om offentleg planlegging og innovasjon

    Publisert

    Professor Roar Amdam ved Høgskulen i Volda har skrive kapittel tre i boka «Innovation in Public Planning. Calculate, Communicate and Innovate”. Boka tek sikte på å bidra til diskursen om innovasjon i planleggingsteorien.

  • Fjordantologien 2020

    Publisert

    Fjordantologien 2020 «Digital samhandling», ei samling artiklar om digitalisering og samfunnsendringar, er eit resultat av Fjordkonferansen 2019.Redaktørar er Lars Julius Halvorsen, Ivar John Erdal, Wenke Mork Rogne og Roar Stokken ved Høgskulen i Volda.

  • Søkarseminar for ph.d.-utlysingar

    Publisert

    4. september blir det arrangert søkarseminar for søkarar til utlyste ph.d.-stillingar ved Høgskulen i Volda. – Det vil bli gitt mange gode tips og råd som er essensielle for å få til ei god prosjektskisse som skal ligge ved søknaden, opplyser professor og arrangør av seminaret Kjartan Leer-Salvesen.

  • Lyser ut rekordmange stipendiatstillingar

    Publisert

    Aldri før har Høgskulen i Volda lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet. Så har du mastergrad og kan tenke deg tre-fire år der du fordjupar deg innan fagfeltet du brenn for, bør du søke no.

  • European Cooperation in Science and Technology

    Publisert

    COST (European Cooperation in Science and Technology) har som føremål å støtte forskingsnettverk og fremje forskingsframdrift og innovasjon. – Å ta del i eit COST-nettverk er eit ypparleg måte å kome i kontakt med internasjonal forsking på, seier professorane Marie Nedregotten Sørbø og Rolf Werenskjold.

  • Kyrkjefag Profil med to nye bøker

    Publisert

    Kyrkjefag Profil er ei vitskapleg skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. «Tru på Vestlandet» og «NLA Høgskolen: Fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn» er to nye bøker i serien.