Forsking og utvikling

  • Betre løn og lettare jobbmarknad med matematikk

    Publisert

    - Matematikk har vorte ei fordel både når ein skal søkje arbeid og i lønssamanheng, fortel førsteamanuensis Arne Kåre Topphol ved Avdeling for lærarutdanning. Her ved Høgskulen i Volda har vi hatt ein jamn auke siste året – og interessa er framleis aukande, meinar han, og peikar på Kunnskapsløftet som ein viktig faktor.

  • Sosionomstudentar i gruppesamtalar med niandeklassingar

    Publisert

    - Dette er ein ganske tøff, men realistisk smakebit på sosialt arbeid med ungdom, kommenterer sosionomstudent Oddvar Rieve (27). Denne veka har studentane hatt gruppesamtalar med over hundre niandeklassingar om spørsmål som ikkje alltid er så populært å prate med andre vaksne om, til dømes alkohol, narkotika og tobakk.

  • Nynorsksenteret lyser ut forskingsmidlar

    Publisert

    - Vi kan tilbyr stipend på opp mot 100 000 kroner i året, opplyser Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret. No lyser dei ut midlar til skuleretta forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid for studieåret 2006/2007. Særleg interessante område er nynorskopplæring i lærarutdanninga og grunnopplæringa, seier han.

  • Studentar ved mediefag aktive i forskinga

    Publisert

    Fem mediestudentar frå Høgskulen i Volda har vore med på Lars Nyre sin Demostasjon, ein del av "Kulturteknikker"-prosjektet, og desse fekk legge fram resultata sine på den europeiske kommunikasjonsforskningskonferansen i Amsterdam.

  • - Studentane vil involverast i forskinga

    Publisert

    - No må utdanningsinstitusjonane yte ein innsats for å inkludere studentar i forsking, seier nestleiar i Studenttinget i Volda, Marit Johanne Monseth (23). Studenttinget i Volda er med i Operasjon Forsking, ei landsomfattande kampanje frå Studentenes Landsforbund (Stl) om inkluderande forsking.

  • Høgskulelærar med plateslepp

    Publisert

    Svev er namnet på ein CD som kjem ut i desse dagar. Musikken er skriven av gitaristen Stein Helge Solstad som underviser i musikk ved HVO. Solstad har tonesett 12 dikt av Ivar Aasen. Dei fleste tekstane er henta frå diktsyklusen Symra. Torsdag den 2. februar vert musikken framført på studenthuset Rokken.

  • Ny studiekatalog – fire nye mastergrader

    Publisert

    Studieåret 06/07 planlegg Høgskulen i Volda å tilby fire nye mastergrader (med atterhald om godkjenning): Mastergrad i grunnskulens norskfag og Mastergrad i grunnskulens matematikkfag, Mastergrad i helse- og sosialfag og Mastergrad i kulturmøte.

  • Nye prosjekt og ressursar på Nynorsksenteret

    Publisert

    - No tilbyd me eit litteraturkurs for lærarar og bibilotektilsette der målet er å skape leseglede hjå barn og unge, fortel Arild Torvund Olsen ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
    Etter at Kristin Clemet opna Nynorsksenteret i mars har det vore ein jamn auke i aktivitetane.

  • Ny bok: Kringkastingshistoria i Møre og Romsdal

    Publisert

    Boka er blitt til i eit samarbeid mellom NRK Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag. Forfattar er redaktør Asbjørn Gjærde, den tidlegare sjefen for kringkastinga i Møre og Romsdal.

  • Ny bok fra professor Heggen

    Publisert

    De unge forteller om sitt forhold til foreldre, skole, fritid og jevnaldrende. Boka ”Ungdom i endring. Mestring og marginalisering” handler om ungdom i Norge rundt et årtusenskifte, og presenterer resultater fra over 10 000 tenåringer sine svar i "Ung i Norge"-undersøkelsen i 2002.