Forsking og utvikling

  • Jan Inge Sørbø lanserte romanen om Fartein Valen

    Publisert

    - Eg var fascinert av figuren Valen; kombinasjonen av pietismen og avantgardismen hans. Eg hadde ikkje noko forhold til musikken hans frå før, men blei begeistra, seier professor Jan Inge Sørbø frå Høgskulen i Volda til h-avis.no. Professor Sørbø lanserte romanen ”Symfoni no. 3, Opus 41” under Borealisfesten i Bergen i går kveld.

  • Kulturproduksjon i Volda

    Publisert

    Møre og Romsdal fylke og Høgskulen i Volda har til saman løyvt to millionar kroner til Senter for kulturproduksjon og kulturformidling i Volda. – Pengane skal brukast til vidare planlegging av senteret, infrastruktur og til konkrete kulturproduksjonar, seier prosjektleiar Jan Driveklepp.

  • Jenter på bygda gira på utdanning

    Publisert

    Ingen er så motiverte for høyere utdanning som jenter bosatt på bygda, viser ny forskning. Studien, som skal publiseres i Tidsskrift for samfunnsforskning i løpet av våren, viser at bygdejentene suverent slår ut både gutter og jenter i andre bomiljø. - Utdanning er en måte å få innpass i og opprettholde kontakt med et bredt ungdomsmiljø på, sier professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda.

  • Aukar med statstilskot

    Publisert

    Fire av fem utkantbutikkar har auka omsetninga takka vere støtte frå Merkur-programmet, eit merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar. Det kjem fram i ein rapport som Møreforsking og Høgskulen i Volda har laga på oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

    Publisert

    I løpet av siste året har førsteamanuensis Irene Velsvik Bele fått antatt fire referee-vurderte artiklar for publisering i internasjonale tidsskrift. Bele har doktorgrad i spesialpedagogikk frå UiO, og underviser på masterstudiet i spesialpedagogikk m.a. i språkvanskar, lese-skrive- og matematikkvanskar.

  • Professor i filosofi, Jon Hellesnes, tilsett ved HVO

    Publisert

    Jon Hellesnes, professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, er frå årsskiftet tilsett som professor II ved Høgskulen i Volda, og han kjem på si første vitjing til Volda denne veka. Han vil halde ulike førelesingar, og dei fleste er opne for alle.

  • Forskingsprisen er oppretta i voldamiljøet

    Publisert

    - Det føregår mykje spennande FoU-arbeid av høg kvalitet i voldamiljøet, og dette vil vi løfte fram og synleggjere, melder FoU-leiar Reidun Høydal. No har Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda oppretta ein FoU-pris på kr 30.000 for enkeltperson og kr 50.000 for eit fagmiljø.

  • Doktorgrad om IKT i den norske ungdomskulen

    Publisert

    Cand. scient. Rune Johan Krumsvik disputerer 2. mars for Dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga ”ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”.

  • Stipendiatane ved Høgskulen i Volda med seminar om diskursanalyse

    Publisert

    Torsdag 2. mars arrangerer Stipendiatane ved Høgskulen i Volda med Karen Brænne og Lars Julius Halvorsen i spissen, eit seminar dei kallar Diskursanalyse i praksis. På programmet står mellom anna Sissel Rosland frå Universitetet i Bergen og Jørn Cruickshank frå Agderforsking.

  • Voldaforskarar med rapport om tilpassa opplæring

    Publisert

    Førsteamanuensis Kari E. Bachmann og professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda gav nyleg ut forskingsrapporten om tilpassa opplæring i skulen i eit oppdrag som Utdanningsdirektoratet gav til forskingsmiljøet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. I rapporten presenterer og drøfter forskarane forskinga som er gjort i Noreg om tilpassa opplæring.