Forsking og utvikling

  • Førsteamanuensis Arne Redse disputerte ved Misjonshøgskolen

    Publisert

    I helga gjennomførte førsteamanuensis Arne Redse ved Høgskulen i Volda sin doktordisputas ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Avhandlinga til Redse har fått tittelen “By Grace Alone” in Contexts of “Self-cultivation”: An Attempt at Contextualizing the Lutheran Doctrine of Justification to Chinese Contexts as Influenced by New Confucianism.

  • Randi Lothe Flemmen skriv læreverk i engelsk

    Publisert

    Med innføringa av Kunnskapsløftet 2006 kjem nye læreverk i alle fag i grunnskulen. Høgskulelektor Randi Lothe Flemmen ved Engelsk institutt, HVO skriv den nye utgåva av engelskverket Scoop for grunnskulen: "A New Scoop 5-7."

  • Grammatikk og kjærleik på Nynorsksenteret

    Publisert

    Nynorsksenteret har kjøpt rettane til musikalen Grammatikk og kjærleik, som handlar om ungdomstida til Ivar Aasen. No har eit stort stjernelag av songarar og musikarar lagt siste hand på verket på ein CD med songane frå musikalen.

  • Brurås har skrive boka om Orderudsaka

    Publisert

    Førsteamanuensis Svein Brurås ved Høgskulen i Volda er ein av forfattarane av den nye boka om mediemakt, etikk og metode – og dei nyttar Orderudsaka som case. – Ingenting er så viktig som eit godt case for å forstå desse tema.

  • Olsen Eikrem disputerer for dr. polit i engelsk

    Publisert

    Denne veka disputerer cand.philol. Bjørg Olsen Eikrem for grada dr. polit. Olsen Eikrem er tilsett ved Engelsk institutt, Høgskulen i Volda, og forsvarar avhandlinga med tittelen Between ”filling up hard disks" and "looking for talents and creativity".

  • Volda med i Norad sitt lærarutdanningsprogram Sør-Nord

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal ta del i Lærerutdanningsprogram Sør-Nord, eit program i regi av Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU). Prosjektet inneber for vår del ein god del felles seminar og arbeidsmøte både her i Volda og i Malawi, melder Odd Ragnar Hunnes ved lærarutdaninga i Volda.

  • Ny lærebok i norsk for ungdomsskulen

    Publisert

    Jorunn Aske er høgskulelektor i norsk ved Høgskulen i Volda, og har saman med to medforfattarar gitt ut nytt læreverk i norsk for ungdomsstrinnet. Læreverket er utgitt av Det Norske Samlaget, og har fått namnet NEON 8 som er første bok i serien og skal brukast på 8. trinn.

  • Ny rapport om musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen

    Publisert

    Førstelektor Reidun Åslid Bjørlykke har gjeve ut forskingsrapporten Musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen. Forskingsrapporten er eit studium av musikkfaget i småskulesteget frå 1994 og fram til 2003. Ho har teke føre seg læreplanar og lærarar sine oppfatningar av måla for musikkfaget.

  • Møreforsking Volda skal evaluere Grøn Resept

    Publisert

    Møreforsking Volda skreiv onsdag under ein kontrakt på om lag tre millionar kroner for evaluering av Grøn Resept. Oppdragsgjevar er Sosial- og helsedirektoratet. I spissen for arbeidet som har ført fram til kontrakten står forskarane Paul Mitchell-Banks og Johan Barstad (t.v.).