Humanistiske fag

  • Opa gjesteforelesing om nordirske veggmåleri

    Publisert

    Onsdag 16. april vil professor Domhnall Mitchell frå NTNU halde ei opa gjesteforelesing om dei politiske veggmåleria i Nord-Irland og deira funksjon. I meir enn hundre år har store utandørs veggmåleri blitt brukt som politisk markør, propaganda og signal i dette politisk konfliktområdet. Forelesinga vert halda kl. 15.15 i Vesle auditorium, Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.

  • Symfoniorkesteret på miniturné

    Publisert

    Denne helga kan du få med deg vakre tonar frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda saman med Høgskulekoret i Volda. Dirigent Rune Bergmann lover høgdepunkt frå året som gjekk under vårkonsertane.

  • "Krysninger" - om moderne nordisk lyrikk

    Publisert

    Dosent i nordisk litteratur, Rakel Christina Granaas og professor i nynorsk skriftkultur, Jan Inge Sørbø er to av bidragsytarane til den nyleg utgjevne ”Krysninger”. Boka kjem med nye perspektiv på moderne nordisk lyrikk.

  • Glasurbrenning med glede

    Publisert

    - Raku er eit japansk ord som betyr glede og står for prosessen glasurbrenning, forklarer professor Meltem Kaya frå det anerkjende universitetet Mimar Sinan i Istanbul i Tyrkia. Førre måndag heldt ho kurs i rakubrenning for kunst og handverkstudentar. Rakubrenning er den raskaste metoden for å brenna glasur på leire.



  • Filmlansering og seminar om sidemål

    Publisert

    Nynorsksenteret meiner at det no trengst motivasjon og ny giv for nynorskopplæringa i hovudstaden. Difor skipar senteret til eit seminar på Universitetet i Oslo 14. februar. Same dagen lanserer Snöball Film og Nynorsksenteret ressurspakka "i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen," ei samling med 20 kortfilmar som skal inspirere norsklærarar til å gje elevane ei betre sidemålsundervisning.

  • Open forelesing om dialog mellom kristne og muslimar

    Publisert

    Idéhistorikaren Anne Veiteberg gjestar onsdag 23/1 Høgskulen i Volda med temaet: “Kultur- og religionsdialog mellom kristne og muslimar. Kvifor er det naudsynt?” Veiteberg har lenge vore oppteken av religionsdialog og global forståing, og ho har arbeidt fleire år i Latin-Amerika og i Midt-Austen.

  • Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga

    Publisert

    Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga.

  • Professor Hellesnes føreles om toleranse

    Publisert

    Onsdag 7. november kl 18.15 held filosof Jon Hellesnes si siste førelesing som professor II ved Høgskulen i Volda. Førelesinga er eit ledd i seminarrekka knytt til Mastergradsstudiet i kulturmøte, og har tittelen ”Kulturmøte - og spørsmålet om toleranse i vår tid.” Førelesinga vert halden på Berte Kanutte-huset, rom 158, og er open for alle.

  • Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007!

    Publisert

    Birgitte Fondevik Grimstad fra Høgskulen i Volda foreleste tirsdag om ”Kartlegging av to-/flerspråklige barn”, et område som krever god kunnskap både om barnets språklige bakgrunn og om språkutvikling. Grimstad pekte på de store utfordringene som helsestasjoner og barnehager står overfor i forhold til å fange opp to– og flerspråklige førskolebarn med svak språkutvikling, tilrettelegging av gode pedagogiske tilbud og kunne gi råd til foreldre. Dette var nyttig kunnskap som forsamlingen på siste kursdag i Språkpakken tydelig ønsket mer av!