Info til alle

  • Bachelorkonsertar med stor spenvidde

    Publisert

    Heile femten studentar ved bachelorstudiet i musikk ved HVO skal halde eksamenskonsertar dei komande vekene. Konsertane har stor spennvidde, frå 70-tals pop og funk, jazz standardlåtar og argentinsk tango til Mozart og mjuke salmetonar. Konsertane vert arrangerte i to bolkar: 19.- 20.mai og 25.-26.mai. I første bolken er det seks konsertar som alle skal vere på studenthuset Rokken.

  • – Redaksjonen skal legge ut saker og bruke bloggen aktivt

    Publisert

    Dette lovar praksisblogg-grunnleggar og kommunikasjonsstudent Amanda Isaksen. Førsteårsstudentane på PR, kommunikasjon og media er no i gang med internpraksis. Som ein del av den har dei oppretta ein blogg der lesarane kan følgje med på kva som skjer.

  • – Eg angrar ikkje på at eg valde å studere Idrett i Volda!

    Publisert

    Marte Brautaset (20 år) frå Volda er student på Idrett årsstudium ved Høgskulen i Volda. Ho er svært glad i natur og friluftsliv og har alltid drive med idrett og fysisk aktivitet. For henne var det å studere i Volda eit naturlig val.

  • Ny Mentorutdanning i gang med aktive studentar

    Publisert

    Måndag 15. februar opna prorektor Anne Øie den første Mentorutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO). Utdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF).

  • Ny bok om nordisk mellomalderhistorie

    Publisert

    Boka med tittelen "Gaver, ritualer, konflikter" av dei nordiske redaktørane Hans Jacob Orning, Kim Esmark og Lars Hermanson kom ut for sal i januar 2010. Boka er eit samarbeid mellom forskarar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland. Forfattarane vender seg til mellomalderforskarar og studentar.

  • Austral-asiatiske kulturstudium: - Det var heilt fantastisk

    Publisert

    Anniken Skeimo Sande (21) studerer journalistikk på 2. året ved Høgskulen i Volda. Hausten 2009 hadde ho eit uforgløymeleg semester på Austral-asiatiske kulturstudium (AA). Ho har allereie bestemt seg for at ho skal tilbake.

  • Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi

    Publisert

    Bachelorstudentar i musikk ved Høgskulen i Volda kan i sitt tredje studieår ta emnet "Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi". Emnet er også ope for utanlandsstudentar og yrkesutøvarar som vil ta det som vidareutdanning.

  • Vellukka Gründercamp for lærarstudentar ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    3. – 4. februar var det Gründercamp for lærarstudentane på andre året. På Henrik Kaarstad-huset møtte forventingsfulle studentar for å bli inndelt i grupper og få utdelt kvart sitt oppdrag frå ei bedrift i Volda og Ørsta-området.

  • Namn på nybygget

    Publisert

    Eit flott nybygg må ha namn. Planen er å avgjere namnet på styremøtet 28 januar. Til å hjelpe oss med tilråding til styret lyser vi ut ei namnekonkurranse med frist 10 januar.

  • - Både underhaldande og lærerikt!

    Publisert

    Yrkes- og karrieredagane har sett Høgskulen i Volda ta i mot 2100 ungdomar fordelt over tre dagar. Torfinn S. Madssen og Øystein L. Eldholm er begge førsteklassingar ved Volda vidaregåande, og seier dei var svært glade for å ha fått presentert eit tverrsnitt av studietilboda og interessante karrierevegar.