Info til alle

  • Utdanning frå utlandet er gull verdt

    Publisert

    Norsk arbeidsliv, både privat og offentleg sektor, treng medarbeidarar med internasjonal erfaring. Det blir lagt aukande vekt på at ein har gode språkkunnskapar, eit internasjonalt nettverk og forståing for andre kulturar. Som student ved Høgskulen i Volda kan ein velje mellom 140 partnarar i meir enn 40 land.

  • Ved skulestart

    Publisert

    Professor Peder Haug, seier i ein kronikk på kommunal-rapport.no i dag, at det er heilt andre bygningar enn skular som i dag viser styrke og som gir heilt andre arbeidsfelt høg status.
    - Det er symbolske effektar av forfallet i skulebygningane. Den estetiske kvaliteten av eit hus formidlar kulturen og samfunnet sine prioriteringar. Slott, Stortinget, opera og bankar er døme.

  • Første dag som student

    Publisert

    Elisabeth Victoria Jakset (20) frå Sætre og Hilda Nyfløt (18) frå Odalen i Hedemark, møtte kvarandre på hybelen for eit par dagar sidan. Dei er samde om at første inntrykket av Volda er veldig bra.
    - Det er ein koselig liten stad med frisk luft og hyggelege menneske. Eg har merka meg at daglegvarebutikkane er opne lenge, ler Elisabeth.

  • Fadderveka godt i gang!

    Publisert

    Det kryr av studentar på campus. Eit av høgdepunkta ved studiestart er fadderveka, med eit utvalg av aktivitetar og arrangement for ei kvar interesse. Kvifor fadderveke? Marte Grøndal (19) og Heidi Aasen (21) har engasjert seg som fadderar og har svaret!

  • Stemningsfull opningsseremoni

    Publisert

    - Om sommaren er det nok så stille her i Volda, så det er godt å kjenne at bygda vaknar til liv, strålte programleiar Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Berte Kanutte-huset var fullt med nye studentar, gamle studentar og tilsette under opninga.

  • Velkommen til nytt studieår!

    Publisert

    I morgon er det offisiell studiestart kl. 12.00, der Rektor, tilsette og gamle studentar vil ønske nye studentar velkommen til Høgskulen og Volda. Etter opningsseremonien vil det vere avdelingsvise orienteringar og opning av fadderveka.
    - Vi gler oss til å ta i mot dei nye studentane. Vi er i rute og har mykje spennande på programmet, seier leiar i STiV, Ole Martinus Breivik og fadderansvarleg, Jenny Ekrem Skjærseth.

  • Satsing på naturfag

    Publisert

    Naturfag har i dag høg politisk prioritet, og det er eit stort behov for lærarar med naturfagkompetanse i skulen. Det er framleis ledige studieplassar på årsstudium og halvårsstudium i naturfag.

  • Flittige studentar

    Publisert

    Studentane ved Høgskulen i Volda tok i gjennomsnitt 45,5 studiepoeng i førre studieår, og er rangert i blant dei topp 10. Det er eit godt stykke framfor dei tradisjonelle universiteta, som ender eit stykke nede på lista.

  • Søk-korpset hjelper deg gjerne!

    Publisert

    I sommar vil Silje Flåskjer, Joachim Storvik og Lene Hovde ringje til førsteprioritetssøkjarar og svare på telefonar og e-post frå søkjarar og studentar som har spørsmål om studiestart og det å vere student i Volda.