Info til alle

  • ”Ein engel i systemet?” – frå masteroppgåve til bok

    Publisert

    Marit Svisdahl arbeider til dagleg som rådgjevar i Kreftforeininga, region Midt-Noreg. I 2006 var ho ferdig mastergradsstudent på Samfunnsplanlegging og leiing ved høgskulen, og i august i år vart masteroppgåva hennar til bok.
    – Mastergradsutdanninga har gjeve meg god erfaring i å skrive. I boka måtte eg omarbeide mykje av det vitskaplege stoffet til eit meir pedagogisk språk, og det var ein utfordrande prosess. Det er nytt og spennande å vere forfattar, seier Marit Svisdahl.

  • Pris for utdanningskvalitet

    Publisert

    Førstelektor Odd Ragnar Hunnes og fagmiljøet knytt til prosjektet ”Capacity Building of Democracy – Malawi and Norway, 2006–2007” er tildelt høgskulen sin pris for utdanningskvalitet 2008. Hunnes har vore ein pioner for internasjonalt perspektiv på lærarutdanninga og har aktivt involvert studentar, fagpersonell og internasjonale partnarar i arbeidet.

  • Internasjonal dag – fargerik og smakfull

    Publisert

    I dag har det vore Internasjonal dag her på høgskulen. Dette er ein dag rik på kultur og opplevingar for alle og ein kvar. Kantina i Berte Kanutte-huset har vore pynta med fargerike flagg og bilete frå ulike land og verdsdelar. Dei internasjonale studentane har, saman med fleire norske studentar og tilsette, stått for fargerike stands, musikk, underhaldning og ein fantastisk internasjonal lunsj.

  • Datamaskinen som sosial læringsarena

    Publisert

    – Å la barn benytte seg av digitale verktøy i barnehagen øker både kommunikasjonen og forbedrer læringsprosessen, forklarte Lila Marie Moberg og Nora Lindèn under gårsdagens seminar og boklansering.

  • I dag opnar Veka!

    Publisert

    Den mest morosame mannen i Noreg, ein R.E.M.-medlem og ein heidundrandes revy er noko av det du kan oppleve under Veka. Tradisjonen tru opnar Veka med revypremiere av Vekerevyen ”Operasjon galskap”.

  • Misvisende fra Universum

    Publisert

    En fersk undersøkelse med kåring av landets beste lærested gir et svært misvisende bilde av situasjonen ved norske læresteder. Selskapet bak undersøkelsen, Universum, har nemlig bare gjort undersøkelser blant studenter som studerer økonomi, teknologi, data/IT eller jus. Slik har en rekke læresteder som ikke har slike studietilbud falt ut av kåringen.


  • AHL satsar på etter- og vidareutdanning i Kunnskapsløftet

    Publisert

    Kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar er ein sentral del i gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) har teke mål av seg til å vere ein sentral samarbeidspartnar for skulane i regionen, og satsar på etter- og vidareutdanning der kompetansenettverk, prosjekt og intern skolering er viktige element.

  • Eit sterkt møte mellom fortid og notid

    Publisert

    Dei to siste dagane har det vore storinnrykk av gjester frå Japan i samband med seminaret ”The Little Boy Of Hiroshima”. Miyoko Matsubara, ei av dei få gjenlevande frå bombinga den 6. august 1945, fortalde mellom anna om si oppleving under og i tida etter bombinga. Hiroshima Peace Memorial Museum har oversendt ei utstilling i høve seminaret der ein kan studere verknadane av atombombene.

  • Utstilling frå Hiroshima opna onsdag

    Publisert

    Onsdag 10. september opna utstillinga med bilete frå fredsmuseet i Hiroshima. Sizzle Otaka tok del med song. (bilete) - Det er ei ære for Høgskulen i Volda å vere vertskap for denne utstillinga, seier Thomas Lewe. Han er ansvarleg for utstillinga, som vil vere open for publikum denne veka.

  • Hiroshima og Volda

    Publisert

    10. - 11. september kjem Hiroshima til Volda med kultur, forsking og historie. I samband med seminaret "Little Boy Over Hiroshima" Ventar høgskulen storinnrykk av gjestar frå Japan. Miyoko Matsubara er ei av få gjennlevande frå bombinga den 6. august 1945. Ho fortel om sine opplevingar og blir m.a. supplert av representantar for Nobelkomiteen og Det Norske Nobelinstitutt.