Lærarutdanninga

  • Mobil barnehageavdeling

    Publisert

    I førre veke kom Barnehagebussen til Høgskulen i Volda. Barnehagebussen er en spesialbuss som tilbyr eit komplett pedagogisk opplegg. Bussen er levert av Vest Buss Industri i Stryn og det svenske firmaet Helianthus Mobila Forskular AB. Det er Helianthus som er ansvarleg for den pedagogiske løysinga.

  • Førskulelærarutdanninga vert evaluert

    Publisert

    - Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er i desse dagar under evaluering. Evalueringa er eit oppdragsprosjekt frå NOKUT, og er del av eit større evalueringsprosjekt av førskulelærarutdanninga på nasjonalt nivå. Den nasjonale evalueringa skal gjennomførast av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, seier Torhild Høydalsvik, studieleiar ved førskulelærarutdanninga.

  • Elevvurdering – etterutdanningstilbod for lærarar

    Publisert

    Høgskulen i Volda har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å tilby etterutdanning i elevvurdering for lærarar. Det er tydeleg at arbeidet som høgskulen har gjort på dette feltet er blitt lagt merke til og oppdraget kjem samstundes med at vi startar opp eit omfattande elevvurderingsprosjekt i kommunane Molde, Rauma og Vestnes med 550 lærarar på skulebenken.

  • Seminar: Saman om omsorg for barn 2009

    Publisert

    Institutt for sosialfag og førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda arrangerer seminaret ”Saman om omsorg for barn” – forkorta til SOM-seminaret 2009. Høgskolelektor Anne Marie Verpe fortel at arrangementet er lagt opp som fagdagar for studentar over fire dagar. – Seminaret vekslar mellom faglege innlegg ved representantar både frå praksisfeltet og høgskulesektoren, og gruppearbeid for deltakarane.

  • Verdifull kunnskap for arbeidslivet

    Publisert

    Rebekka Wilhelmsen Solheim (28) er spesialpedagogisk rådgjevar ved PPT for Indre Sunnfjord. Ho var ferdig med mastergrad i spesialpedagogikk ved høgskulen i vår, og tykkjer at studiet har gjeve verdifull kunnskap til å kunne gå ut i arbeidslivet. – Eg har alltid vore oppteken av korleis ein kan leggje til rette og tilpasse opplæringa for alle dei ulike elevane ein møter i ei klasse, og har sett utfordringane i praksis gjennom arbeid i skulen på ulike klassetrinn, seier ho.

  • Symfoniorkesteret slepper plate i samband med julekonsertane

    Publisert

    – Julekonsertane er også platelansering, melder dirigent Rune Bergmann. Symfoniorkesteret og koret ved Høgskulen i Volda gir ut plate med ny og gamal julemusikk. Vi finn nykomponerte låtar av studentar saman eldre klassikarar på plata. – Eg er så glad for å få med så mange lokale krefter på dette, seier Bergmann, og inviterer samstundes til julekonsertar både i Volda og Ulsteinvik i samband med platelanseringa denne veka.

  • Professor Lars Inge Terum tilbake til Volda

    Publisert

    Professor Lars Inge Terum var student i Volda på syttitalet, og er no tilbake ved Høgskulen i Volda som professor II frå 1. oktober 2008. Han skal særleg vere knytt til eit stipendiatprogram i profesjonsretta forsking som etter planen skal setjast i verk frå nyttår. I tillegg er han knytt til oppgåver ved Institutt for sosialfag og Institutt for pedagogikk.

  • Nynorsksenteret med filmpakke til alle nynorsklærarar

    Publisert

    Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda har samarbeidd med Snöball film om ein ressurspakke for lærarar som underviser i nynorsk som sidemål i grunnskulen. - No sender Nynorsksenteret ut ressurspakken på DVD til alle ungdomsskular, høgskular og universitet i landet, melder informasjonskonsulent Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

  • Voldastudentar webstreamer Lego League

    Publisert

    First Lego League (FLL) vert arrangert i Høgskolen i Ålesund sine lokale den 8. november. 24 andreårsstudentar ved Bachelorgradsstudiet i media, IKT og design har førebudd seg i tre veker for å sende levande bilete av arrangementet på internett.

  • Barnehageløftet for 700 deltakarar

    Publisert

    Om lag 700 barnehagetilsette frå kommunane i Sjustjerna (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) er i dag samla på Høgskulen i Volda og i Herøy kulturhus for å starte opp eit fagleg løp med kompetansebygging og utviklingsarbeid i barnehagane. Prosjektet er ein del av storsatsinga i Barnehageløftet, og er eit samarbeid mellom Sjustjerna og Høgskulen i Volda.