Nyhende

  • Thumbnail

    Verdsdagen for psykisk helse: Einsemd på timeplanen

    Publisert

    Psykisk helse-månad ved HVO held fram med ei rekkje tilbod til studentar og tilsette. Denne veka er det kurs med einsemd som tema, "trening med mening" på Stamina og haustkafé i kantina. Arrangørane ønskjer varmt velkomen.

  • Budsjett i underkant for Høgskulen i Volda

    Publisert

    Høgskulen i Volda får i 2020 eit budsjett som i hovudtala er nokså likt 2019-budsjettet. Leiinga ved høgskulen er skuffa over at høgskulen misser to stipendiatstillingar og at det ikkje er gitt noko signal om utstyr til det nye mediehuset.

  • Gamlem

    – Vurdering skal vere rettferdig

    Publisert

    Professor Siv Måseidvåg Gamlem skal delta på den nasjonale fagkonferansen som Nynorsksenteret arrangerer 19.–20. november på Hamar.

  • Thumbnail

    Nytt mediebygg: Byggestart i november

    Publisert

    Med regjeringsgodkjenning i lomma, er arbeidet med nytt mediebygg ved HVO over i ei ny fase. No er mellombels parkeringsløysing avklara, byggesøknad sendt kommuna, og alt ligg til rette for byggestart. 

  • Thumbnail

    Frå nyheiter og nynorsk barne-TV til HVO

    Publisert

    Når du høyrer ein gut nynne på kjenningsmelodien til Klart eg kan på ein T-banestasjon i Oslo, forstår du at barne-TV på nynorsk er populært. Eva Westvik, kvinna bak fleire nynorske seriefavorittar, jobbar no ved Høgskulen i Volda.

  • – Lærer mykje

    Publisert

    – I dag har eg lært meir enn det eg har lært på skulen om vegar eg kan gå vidare i livet, seier Emma Marie Ristesund Beitveit. Emma og 800 andre tiandeklassingar frå kommunane på Sunnmøre vitjar Høgskulen i Volda i samband med Karrieredagane 2019.

  • Thumbnail

    Peder Kjøs held foredrag for HVO-studentar

    Publisert

    3. oktober kjem den kjente psykologen Peder Kjøs til Volda. Med utgangspunkt i kunst, film, litteratur, forsking og tjue års erfaring som terapeut skal han ta føre seg studietida som ei vidunderleg og forferdeleg del av livet. Det var studentane sjølve som ønska seg besøk av Kjøs, og foredraget vert halde i regi av Høgskulen og Studentsamskipnaden.

  • Thumbnail

    Symposium om komposisjon og improvisasjon

    Publisert

    Ei forskingsgruppe med forankring i Høgskulen i Volda (HVO) med fokus på skapande læringsprosessar i musikk gjennomførte i førre veke eit symposium med tittelen «Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?» Symposiet hadde også ein workshop for studentane ved musikkutdannninga.