Studentliv

  • Suksessfulle Vinterleikar på Rokken

    Publisert

    - Med svært nøgde artistar og mykje folk nesten kvar dag, kan me ikkje anna enn å vera tilfreds med veka som gjekk, seier avtroppande bookingansvarleg på Rokken, Mikal Vassbotn. Han vonar at også Voldastudentane ser seg nøgde med konsertveka som gjekk.

  • Internasjonal dag onsdag 13. februar

    Publisert

    Professor Meltem Kaya (bilete) er ein av fleire representantar frå utanlandske universitet som kjem til Volda i samband med Internasjonal dag onsdag 13.februar, fortel ein oppglødd leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. Frå 11.30 vert Berte Kanutte-huset fylt med kultur frå heile verda.

  • Stein P. Aasheim fylte auditoriet ved HVO

    Publisert

    - Ein må leve i takt med tida, ta vare på minner og opplevingar, oppfordra eventyraren Stein P. Aasheim i føredraget sitt ved høgskulen i går. Aasheim sit i avdelingsstyret ved Avd. for kulturfag, og har tidlegare også vore student ved høgskulen. - Fantastisk å vere tilknytt Høgskulen i Volda att!

  • - Målet er å få fleire kvalifiserte førskulelærarar

    Publisert

    Gerd Sylvi Steinnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda meiner det er ein god idé å vidareutdanne assistentar som allereie finst i barnehagen. - Kommunen bør legge til rette for dette, uttalar ho til nrk.no. I Sande kommune vert assistentane i barnehagane tilbodne deltidsutdanning.

  • Politisk natt med Radio Volda

    Publisert

    Natt til onsdag 6. februar blir det valsending på Radio Volda. Då har kanalen ei eiga sending om det amerikanske presidentnominasjonsvalet. Sendinga varer frå 1 til 4 om natta og kan høyrast på FM-frekvens 104,5 over heile Søre Sunnmøre.

  • Ny leiar i STiV

    Publisert

    Ole Martinus Breivik vart valt som ny leiar for STiV under studenttingsmøtet torsdag 31. januar. Han overtek dermed det utfordrande arbeidet avtroppande leiar Lars Vegard Bachmann har hatt med å få studentane i Volda til å engasjera seg.

  • Friluftsliv for våghalsar - og for barnefamiliar

    Publisert

    Torsdag 7. feb. kjem eventyraren Stein P. Aasheim til høgskulen med føredraget ”Friluftslivet sine gleder”. - Eg har vore mykje på tur og har mykje på hjartet. Aasheim er medlem av Avdelingsrådet ved Avdeling for kulturfag, og understrekar at føredrag er aktuelt for alle turinteresserte.

  • STiV: Bachmann gjev fra seg roret

    Publisert

    - Det er med blanda kjensler eg no gjev fra meg styringa over STiV, fortel avtroppande leiar Lars Vegard Bachmann, - Eg har framleis ein del eg skulle ønskje eg kunne gjennomføre før eg gir frå meg makta.

  • Forskningsprosjekt: Ny bok om media og demokrati

    Publisert

    Nettradio-eksperimentet Demostasjon var eit empirisk prosjekt for betre kommunikasjon, gjennomført av tilsette og elevar ved Høgskulen i Volda våren og hausten 2005. Paul Bjerke (bilete) og tidlegare Volda-studentar Jane Elin Brattland og Heidi Fagna er mellom bidragsytarane til den nye boka.