Frå arkivet

Fram mot jubileumshelga vi publisere glimt frå arkivet, videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar og tilsette som vil gje publikum eit innblikk i mediefaga i Volda si historie og den rivande utviklinga vi har sett frå den spede starten i 1971 fram til 2021.

MAVMot alle vindar

For dei som er interesserte i dei første 25 åra med medieutdaning i Volda, er jubileumsskriftet frå 1996 "Mot alle vindar - mediefag i Volda 1971-96" vel verd å lese.

Ein kan undre seg over kvifor ei medieutdanning skulle klore seg fast mellom fjordar og fjell i Volda.

På slutten av 1960-talet kom den sokalla Ottosen-komiteen med mange innstillingar som fekk stor betydning for organisering og utbygging av høgare utdanning i Noreg. Komiteen kom mellom anna med forslag om å etablere distriktshøgskular som skulle gje kortare, yrkesretta og alternative studietilbod i høve til universiteta.  I 1969 gjorde Stortinget eit vedtak om at ein distriktshøgskule i Møre og Romsdal skulle leggast til Volda.

I jubileumsskriftet frå 1996 skriv Bjarte Alme at det i august 1970 vart halde eit seminar i Volda der temaet var faginnhaldet ved den komande distriktshøgskulen i Volda. På seminaret var det mange som tok til ordet for ei utdanning i mediefag, og i oktober vart det sett ned ei plannemnd for ei journalistutdanning.

Festskrift for dekan Sverre Liestøl

Første august 2015 var ein merkedag for Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Sverre Liestøl, dekan ved avdelinga gjennom 15 år, gjekk då av som leiar for ei av dei største og viktigaste medieutdanningane i Norge. Den beste og viktigaste, ville han sjølv ha sagt! 

Sverre Liestøl
Sverre Liestøl.

 

Glimt frå arkivet

Aktuelt