Se liste over studieplaner som starter:

Media, IKT og design

Studieprogram: 
Bachelor i Media, IKT og design
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

På Bachelor i media, IKT og design arbeider du med mediedesign eller medieproduksjon for å skape innhald på dagens og morgondagens plattformer. Etter første året med innføring i design, foto, film og videoproduksjon, web og kampanje saman med medieteori, vel du studieretning.

  • Studieretninga Medieproduksjon fokuserer på visuelle medier som film, foto og fleirkameraproduksjon. Du arbeider med bilde- og videoproduksjonar innan fleire sjangerar, med fokus både på teknikk, dramaturgi, og innhaldsproduksjon mot ulike plattformer.
  • Studieretninga Mediedesign fokuserer på utforming av visuelle uttrykk med utgangspunkt i grafisk design, foto og webdesign. Du fordjupar deg i visuell kommunikasjon, front-end design, redaksjonell og strategisk design, med vekt på både teknikk og innhaldsforståing på digitale flater. 

I begge studieretningane er det fokus på medieutvikling, og gjennom valbare emne kan du lære å utforme brukarvenlege løysingar for nettbrett, mobil og web. Med relevante programmeringsspråk i verktøykassa får du fordjupe deg i utvikling av apps og erfaring med problemløysing i utviklingsprosjekt. Som del av studiet inngår både praksisopphald, større prosjektarbeid og produksjonar for ulike oppdragsgjevarar, og du vil arbeide både individuelt og i team. I løpet av studiet kan du og tilbringe eit semester i utlandet.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten i media, IKT og design:

  • har kunnskap om innhald i media og dei sentrale reiskapane medievitskapen har utvikla for å studere innhald
  • har kunnskap om korleis mediesamfunnet verkar inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • har kunnskap om sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
  • har kunnskap om tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
  • har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i læring og formidling
  • har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode 
Ferdigheiter

Kandidaten i media, IKT og design:

  • kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
  • kan bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
  • kan fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
  • kan planlegge og leie læringsarbeid med, om og igjennom medie- og kommunikasjonsteknologi
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver 
Generell kompetanse

Kandidaten i media, IKT og design:

  • Har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • Kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe.  Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. På medieproduksjonsløpet er det 25 plasser.

Dei to tabellane under syner studieløpet for dei to retningane. Første tabellen er for Medieproduksjon og andre tabellen er for Mediedesign.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.

Praksis

I studiet inngår observasjonspraksis, intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis avhengig av studieretning. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internasjonalisering

4. semester består av eitt obligatorisk og eitt valfritt emne om du studerer medieproduksjon, og to valfrie emner om du studerer mediedesign. Det er også høve til å reise på utveksling i dette semesteret. Om ein vel utveksling, må ein syte for at ein i utvekslingsopphaldet vel emne som  tilsvarar det obligatoriske emnet.
 

Anna
The programme of study is organized through local teaching in form of lectures, workshops and practical assignments done individually and in groups.  Students must provide for their own headset with a microphone and an external storage device. Students have to have access to a private laptop for general assignments, but the university college has a well equipped computer station available for students for special purposes, such as video editing. It is specified in the course plans whether or not seminars have compulsory attendance.Work produced and documented by students through the course of the programme may be used as examples in later courses or in the school’s own information on activities, given that the student does not object to this.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Dag Svein Roland, dagr@hivolda.no, 700 75 270