See list of study plans starting on:

Religion og livssyn

Studieprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Bachelor i religion og livssyn tilbyr utdanning i religion og livssyn og med eit støttefag som t.d. historie eller språk/litteratur (nordisk eller engelsk). Vekta er på dei religionsfaglege emna. Studiet gjev innsyn i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet. Denne graden utviklar forståinga av kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet.

Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng religionsfagleg kompetanse, t.d. innan kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdanninga i skulen, må du frå hausten 2019 av ha mastergrad og byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, Religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen, og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule. Bachelor i religion og livssyn kvalifiserer for opptak til mastergraden i kulturmøte ved Høgskulen i Volda, og den kan også kvalifisere til andre mastergradar ved Høgskulen i Volda eller andre institusjonar dersom ein tilfredsstiller krava som gjeld for dei spesifikke programma.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

o    kunnskap om dei store verdsreligionane og ulike livssynstradisjonar

o    kunnskap om  sentrale religionsfaglege, filosofiske og vitskapsteoretiske spørsmål

o    kunnskap om sentrale etiske omgrep og teoriar

o    forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske, kultur og samfunn.

Ferdigheiter

o    analysere og reflektere kritisk over ulike tilnærmingar til religion og livssyn

o    analysere og reflektere kritisk over problem og posisjonar frå filosofi- og vitskapshistoria

o    bruke etiske omgrep og teoriar i etisk argumentasjon

o    nytte sentrale vitskaplege teoriar og metodar i eigne arbeid

o    formidle grunnleggjande religions- og livssynskunnskap både munnleg og skriftleg

o    tileigne seg ny kunnskap på religions- og kulturfeltet

o    reflektere over eige fagleg arbeid og dra nytte av rettleiing

Generell kompetanse

o    sjølvstendig definere, strukturere og gjennomføre faglege prosjekt

o    tenkje analytisk og systematisk og framføre velformulerte resonnement

o    setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå ulike synsvinklar

o    samarbeide med fleire om faglege prosjekt

o    vise ferdigheiter i bruk av kjelder og referansar ved skriftlege arbeid etter generelle krav i høgare utdanning

o    bruke digitale verkty i faglege arbeid

Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet i religion og livssyn er sett saman av seks religionsfaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 90 studiepoeng, forutan Ex. Phil. (10 stp.) og eit innføringskurs i akademisk skriving og religionsfaglege arbeidsmåtar (5 stp.). Fire av dei religionsfaglege emna er på grunnivå og to, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje eitt av emna instituttet tilbyr. I tillegg inngår Ex. Phil. og innføringskurs i det fyrste semesteret .

Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt, men dersom ein tek sikte på å ta mastergrad og praktisk-pedagogisk utdanning etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i skulen, må ein ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn religion. Vi anbefaler historie, språkfag (t.d. norsk eller engelsk), eller praktisk-estetiske fag. Desse faga kan takast ved Høgskulen i Volda og kan inngå i dette bachelorprogrammet.

Alle emna har tilbod om forelesingar og seminar. Ex. Phil. og nokon av fordjupningsemna går anten med forelesingar og/eller som nettstøtta studium. Emnetabellen syner religionsfaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding.

Studiet er bygd opp på dette viset:

o    Examen philosophicum (EXP100) og Kurs i oppgaveskriving for religionsfag (REL142) som innføringsemne, til saman 15 stp.

o    REL111, REL112, REL113 og REL116 som obligatoriske emne  i religionsfag på grunnivå,  60 stp.

o    På fordjupningsnivået er REL212 (bacheloroppgåve) obligatorisk, i tillegg til eit av emna REL206 eller REL207, til saman 30 stp.

o    Eit valfritt emne på 15 stp. Vi anbefaler her det andre av dei to valfrie fordjupningsemna (REL206 eller REL207).

o    I tillegg anbefaler vi enten historiefaglege emne (t.d. HI100, HI111, HI112 og HI113) eller språkfaglege emne (norsk eller engelsk, t.d. NO111S, NO112S, NO113S og NO114S eller ENG141, ENG142, ENG143 og ENG144). Tilsaman 60 stp.

Internasjonalisering

Det er gode moglegheiter til å ta eit semester i utlandet i løpet av bachelorgraden. Høgskulen i Volda samarbeider med fleire institusjonar.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ralph Meier, ralphm@hivolda.no, tlf. 70 07 51 44