Kunst og handverk (bachelor)
Studieprogrammet Bachelorgrad i Kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kunst og formkultur er berande innhald gjennom alle tre åra. Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunst- og designfaglege utdanningar og masterprogram. Høgskulen på Vestlandet sitt masterprogram Kreative fag og læreprosessar (fagprofil: Kunst og handverk) er anbefalt masterutdanning for dette studieprogrammet (Stord). For å få formell undervisningskompetanse for grunn- og vidaregåande skule, må ein i tillegg ha fullført eit praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- har inngåande kunnskap om materiale, teknikkar, og verkty knytt til fagområdet design, kunst og handverk
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal kunst og formkultur
- har inngåande kunnskap om visuell kommunikasjon i vid tyding
- har inngåande kunnskap om idèutvikling
- har kjennskap til faget som skule-, kultur- og forskingsfag
- har kunnskap om gjenbruk og berekraftig utvikling
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og kjennskap til gjeldande planverk for grunn- og vidaregåande skule
- har kunnskap om estetiske læringsprosessar, gjennom praktisk arbeid og teori
- har kunnskap om fagdidaktikk i kunst- og handverk
- kan nytte teknikkar, verkty og materialar på ein tilsikta måte
- kan nytte og vurdere kunst og formkultur som referanse for eige skapande arbeid, og i formidlingssituasjonar for barn og unge
- kan kommunisere gjennom fysiske og visuelle produkt, bestemte bodskapar eller funksjonar
- kan utvikle kreative produksjonar ved hjelp av kritisk bruk av problemløysingsmetodar
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan nytte faghistoria som referanse for gjeldande planverk for skulen, og vurdere faget sin verdi i eit framtidsperspektiv
- kan leggje til rette for estetiske opplevingar gjennom ulike typar aktivitetar og presentasjonar
- kan nytte teori om estetiske læringsprosessar i relevante samanhengar
- kan nytte fagdidaktisk teori og erfaring i relevante samanhengar
- kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
- kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og formidling
- kan reflektere over relevante HMS- tiltak knytt til fagområde, materialar og verkstadar
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Bachelorprogrammet går over 3 år og utgjer 180 studiepoeng.
1. studieår:
- Visuell kommunikasjon (KOH131) 15. stp.
- Kunst- skaping og formidling (KOH133) 15. stp.
- Funksjonell design (KOH134) 15. stp.
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur (KOH138) 15. stp.
2. studieår:
- Tre, tradisjon og fornying (KOH115) 15 stp.
- Leire - handverk og funksjon (KOH116) 15 stp.
- Arkitektur i skulen (KOH132) 15 stp.
- Objekt i rom (KOH204) 15 stp.
3. studieår:
Studenten kan dette året velje mellom studie ved internasjonal utdanningsinstitusjon (sjå http://www.hivolda.no/andre/utv), eller:
- Tekstil (KOH117) 15 stp.
- Visuell kommunikasjon (KOH203) 15 stp.
- Entreprenørskap i kulturnæringar (KOH139) 15 stp.
- Bacheloroppgåve i Kunst og handverk (KOH202) 15 stp.
Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, praktisk oppgåveløysing på verkstad og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både som individuelt arbeid og i grupper.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6. d). Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Det er krav om noko eigne reiskapar (utstyrsliste blir delt ut ved semesterstart).
HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.
Studentane må betale ei materialavgift. Denne dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen. Kostnader til ekskursjonar må studentane betale sjølve.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.