See list of study plans starting on:

Kunst og handverk (bachelor)

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
16
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Bachelorprogrammet i kunst og handverk har feste i kunstnariske og kulturelle uttrykksformer, estetiske opplevingar og skapande handling. Utvikling av kunnskap i utdanninga handlar om å øve praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon forankra i teori og faktakunnskap. Studiet er kjenneteikna ved samanheng mellom studenten si eiga kreative utvikling og deira evne til å legge til rette for læring. Det praktisk skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar og omfattar fagdidaktikk og kunst- og formkultur. For å få formell undervisningskompetanse for grunn- og vidaregåande skule, må ein i tillegg ha fullført eit praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp). Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunstfaglege utdanningar og masterprogram.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar
  • har inngåande kunnskap i fagområdet formgiving, kunst og handverk, og solid kunnskap om faget som skule-, kultur- og forskingsfaga
  • har kunnskap om lovgrunnlag, skulen sitt føremål, verdigrunnlag, læreplanar
  • har kunnskap om læring, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar.
  • har handlingskompetanse og evne til å grunngje faglege val med praksisskulen som utprøvingsarena
  • har anvendt kunnskap og forståing for entreprenørskap som grunnlag for enkeltelevar sin personlege kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet.
  • har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og estetikken sine røter og vitskapelege basis samt fagdidaktisk og pedagogisk teori i dei praktiske og estetiske fagområd
Ferdigheiter
  • kan leie barn og ungdom i deira eige skapande arbeid med ulike materialar ut frå ei reflektert haldning til, og kunnskap om faget og formidlarrolla
  • kan meistre prosessen med å utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosesser fram til ferdig form, dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess og vise praktisk handlag
  • kan nytte kreative prosessar i problemløysing, produktutvikling og estetisk skapande arbeid i materialar, til dømes entreprenørskap som læringsmetode
  • kan bruke analyseverkty og formidle kunst og formkultur på varierte måtar, og sjå samanheng mellom ulike kulturuttrykk, barn si skapande verksemd og eige arbeid
  • kan bruke digitale medium i skapande arbeid, i skule og formidling
  • kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning gjennom ulike typar presentasjonar og aktivisere elevar i arbeid med utstilling av eigne produkt
  • kan bruke gjeldande læreplanar for grunnutdanninga, formulere oppgåver som fremjar grunnleggjande ferdigheiter, og meistrar læringsretta vurderingspraksis
  • kan planleggje, organisere og vedlikehalde verkstadar til bruk i kunst og handverk
Generell kompetanse
  • kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og bærekraftig utvikling
  • kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og undervisning
  • kan reflektere over relevante HMS- tiltak knytt til fagområde, materialar og verkstadar
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet går over 3 år, og utgjer 180 studiepoeng. Anbefalt løype ser slik ut:

1. studieår: 

  • Visuell kommunikasjon (KOH131), 15 stp.
  • Funksjonell design (KOH134), 15 stp. 
  • Kunst- skaping og formidling (KOH133), 15 stp.
  • Fagdidaktikk, kunst og formkultur (KOH138), 15 stp.

2. studieår:

  • Tekstil - design og redesign (KOH117), 15 stp.
  • Tre - tradisjon og fornying (KOH115), 15 stp.
  • Arkitektur i skulen (KOH132), 15 stp.
  • Objekt i rom (KOH204), 15 stp.

3. studieår:

  • Leire - funksjon og handverk (KOH116), 15 stp.
  • Visuell kommunikasjon II (KOH203), 15 stp.
  • Bacheloroppgåve i KOH (KOH202), 15 stp.
  • Entreprenørskap i kulturnæringar (KOH139), 15 stp.

Haustsemesteret 3. år kan studentane alternativt velje å ta ved utdanningsinstitusjon i utlandet. Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet inn i bachelorgraden. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. Det er obligatorisk frammøte/deltaking ved studie, jamfør Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6. d).

Bachelor i kunst og handverk
Navn: 
Bachelor i kunst og handverk
Internasjonalisering

HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.

Anna
Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del. Reisemål varierer frå år til år og studentane kan koma med ønskje. Studentane må betale ei materialavgift. Denne dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen. Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid, utan fare for seg sjølv og andre. I tillegg vert det forventa grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Karen Brænne