Sjå liste over studieplanar som starter på:

Bachelor i mediedesign

Program of study: 
Media, IKT og design - Mediadesign
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
25
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

På Bachelor i Media, IKT og design - Mediedesign skaper du innhold for og utformer dagens og morgendagens plattformer. Du lærer å designe brukerorienterte visuelle og interaktive produkter som kombinerer tekst, lyd, bilde og video.

Første året bygger studenten en multimedial plattform med foto, lyd og visuell kommunikasjon sammen med grunnleggende teori, i fellesskap med studieretning Medieproduksjon. Du kan så fra andre året spesialisere deg innen visuell kommunikasjon, interaksjonsdesign og multimedia.

I mediedesign-retningen henter vi inspirasjon fra tradisjonelle profesjoner og fagretninger, og utforsker så nye metoder, sjangre og teknologi.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har kunnskap om:

  • virkemiddel, reiskapar og prosessar i visuell kommunikasjon
  • korleis ein utviklar digitale produkt ved hjelp av designtenking
  • multimedial formidling
  • Analytiske modellar for branding og strategisk planlegging
  • innhald i media og medievitskapen sine metodar for innhaldsstudier
  • korleis mediesamfunnet påverkar sosialisering, identitetsdanning og samfunnsutvikling
  • sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
  • tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
  • utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Learning outcome skills

Kandidaten kan

  • nyttiggjere seg av metodar og verkemiddel frå ulike design-felt til å kommunisere ein bodskap
  • planlegge og gjennomføre kreative prosessar som leder fram til produkt med høg brukskvalitet
  • nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
  • bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
  • fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
  • reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Content structure

Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe.  Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Bachelor i mediedesign
Navn: 
Bachelor i mediedesign
Requirements

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet krev vi at studentane stiller med eigen bærbar PC som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.

Professional training

I studiet inngår observasjonspraksis, intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis avhengig av studieretning. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internationalisation

4. semester er det høve til å reise på utveksling.

Expenses

Studentar på Media, IKT og Design - Mediedesign må abbonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd.  I kombinasjon med eigen bærbar PC får studenten med dette konstant oppdaterte design-verktøy inn i sin personlig arbeidsflyt, og vert godt forberedt på arbeidslivet.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Torbjørn Frantsen