Semesters

IPA302 Prosessleiing

Course code: 
IPA302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ved opptak til undervisning i undervisningsopptaket blir søkjarar til emnet prioritert slik: 

  1. Studentar på programmet Master i samfunnsplanlegging og leiing
  2. Studentar på programmet Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og Master i barnevernsarbeid
  3. Studentar på programmet Master in Media Practices

I ordinær registreringsperiode gjeld prinsippet om "først til mølla" for opptak til undervisning i emnet.

Course content

Emnet skal gje studentane kunnskap om kommunikative metodar i plan- og utviklingsarbeid, og erfaring i å ta i bruk desse metodane i utforming av prosjektplanar og prosessdesign. Emnet vektlegg bruk av planleggingsverkstadar som arena for deltaking og ulike kreative metodar som kan inngå i verkstadane og prosessane.

Emne skal også gje grunnlag for kritisk vurdering av prosjekt og prosessar ved bruk av nyare forsking på feltet og gjennomgang av evalueringsrapportar.

Sentralt i emnet er at studentane skal utarbeide eigne prosjektplanar og prosessdesign for eit sjølvvald tema. Dette arbeidet inngår som del av vurderingsgrunnlaget i emnet. Det blir også lagt opp til at studentane skal kunne gjennomføre evaluering av eige og andre sine prosessdesign og prosjektplanar.

Emnet er eigna både for nyutdanna og for yrkesaktive som har ansvar og oppgåver innanfor samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor, og som ønskjer kompetanse i prosessleiing og prosektdesign på masternivå.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om 

  • teoriar og tenkemåtar om kommunikative metodar og prosessleiing i plan- og utviklingsarbeid 
  • planlegging og gjennomføring av prosjekt, og kritisk tenking om prosjekt som arbeidsform
  • nyare forsking på metodar nytta i plan- og utviklingsarbeid, og evaluering av plan- og utviklingsarbeid 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne 

  • utforme og nytte kommunikative arbeidsmetodar i praksis og vere øvd i rolla som prosessleiar
  • nytte verktøy for planlegging og gjennomføring av prosjekt og utforme prosessdesign
  • analysere og forstå eiga og andre si rolle i gruppeprosessar
  • evaluere og gje tilbakemelding på prosessdesign og prosjektplanar
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • finne fram og sette seg inn i aktuell forsking og litteratur om prosessdesign og kommunikative arbeidsmetodar
  • nytte evalueringsrapportar inn i forbetring av eige arbeid
  • reflektere rundt bruk av verktøy og metodar i prosess- og prosjektarbeid
Working and learning activities

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Emnet har felles undervising med bacheloremnet PRO231 Prosessleiing. Læringsutbytte og vurderingsform er ulike for dei to emna. 

Studentane har tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.

Assessment requirements

Alle samlingane er øvingsbaserte, der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på 80 % av undervisninga for å kunne framstille seg til eksamen.

Studentane får tre skriftlege arbeidskrav, eit til kvar av samlingane. I tillegg er nokre av øvingar på samlingane arbeidskrav som må gjennomførast individuelt eller i grupper.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Gro Anita Bårdseth
Used in other programs
  • Child welfare work - master (part time)
  • Health and Social Sciences - master
  • Media Practices - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Heimeoppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit sjølvvald tema. Studentane får rettleiing på oppgåva.
Alle.
6000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar, referansar og kjeldeliste (APA 7th).
Approval signature: 
Randi Bergem 27.02.2023