Semesters
IPA302 Prosessleiing og prosjektdesign
Formålet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar til å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar.
Brei deltaking og medverknad frå brukarar og borgarar blir i dag rekna som ein føresetnad for vellukka utviklingsarbeid i samfunnet generelt og i organisasjonar. Kurset har som utgangspunkt at slik deltaking krev bevisste val av arbeidsformer og metodar, som idedugnad, kreativ problemløysing osv., for å skape gruppeprosessar som fremmar demokrati, dialog, kreativitet, innovasjon og refleksjon.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker å jobbe på desse felta.
Endeleg vurdering i emnet er basert på ei skriftleg heimeoppgåve med: Del 1) prosjektplan med tilhøyrande prosessplan for eit sjølvvald og aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Del 2) ei drøfting basert på ei fagleg grunngjeving av utvalde aktivitetar og tiltak i prosjektplanen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i sterke og svake sider ved prosjektplanen og prosessplanen.
Studentane startar på eksamensoppgåva ved semesterstart og får høve til tre rettleiingar frå faglærar i samband med samlingane i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- teoriar og tenkemåtar bak kommunikative metodar som blir brukt i plan- og utviklingsarbeid
Studenten skal kunne
- handtere ulike kommunikative arbeidsmetodar i praksis og vere øvd i rolla som prosessleiar
- forbetre eller vidareutvikle prosjektplanar og prosessdesign
- vurdere og gi tilbakemelding på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
- analysere og forstå eiga rolle i gruppeprosessar
- analysere og forstå andre si rolle i gruppeprosessar
Som generell kompetanse, skal studenten vere i stand til sjølvstendig å
- bruke teoretisk, praktisk og filosofisk kunnskap om kommunikative arbeidsmetodar for å lage eit gjennomførbart prosessdesign innanfor ein gitt og eigen valt kontekst.
- vurdere og drøfte kva rolle kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar spelar i gruppeprosessar generelt, og i eige prosessdesign spesielt.
- kritisk reflektere over eiga rolle, kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar.
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar i vårsemesteret. Måndag er studiedag til førebuing. Organisert undervisning vert gitt tysdag til og med fredag.
Samling 1: veke 2
Samling 2: veke 7
Samling 3: veke 13
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum og andre studentaktive læringsformer. Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling på tvers av profesjon, fag, forvaltningsnivå og offentleg, privat eller frivillig sektor. Øvingane tek utgangspunkt i utfordringar og utviklingsprosessar som deltakarane sjølve foreslår. Gjennom gruppearbeid får studentane øve seg i prosessleiing, og får hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit utviklingsarbeid dei sjølve vel.
I situasjonar der undervsiningsopplegga skjer i digital form (t.d. zoom), og for å sikre tilstrekkeleg læringsutbyte, skal deltakinga via zoom skje med fullt namn, og kamera og lyd vere slått på. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Kravet om deltaking med fullt namn, lyd og kamera er grunngjeve i praktisk trening av ferdigheiter for desse læringsutbytta:
Studenten skal ha ferdigheter til å
- handtere ulike kommunikative arbeidsmetodar i praksis og vere øvd i rolla som prosessleiar
- analysere og forstå eiga rolle i gruppeprosessar
- analysere og forstå andre si rolle i gruppeprosessar
Studenten skal ha generell kompetanse til å kritisk reflektere over eiga rolle, kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar.
Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom, behovet må grunngjevast.
Emnet har ei eige rom i Canvas. Dette er kanalen for kommunikasjon mellom faglærar og studentar og all informasjon, program, førelesingar finst der. Her vert også arbeidskrava leverte.
Samling 1: Idéutvikling og kreativ problemløysing som metode i utviklingsarbeid
Målet med samlinga er å gi både ein teoretisk oversikt over utfordringar i feltet og praktisk-metodisk kunnskap i kreativ problemløysing som metode. Etter gjennomgang og øving i ulike arbeidsteknikkar og kommunikasjonsformer, drøftar vi erfaringar, opplevingar og bruksområde. Gjennom dette vil ein førebu studentane på utarbeiding av eigne prosessplanar og prosjektdesign.
Samling 2: Prosessplanlegging – frå utfordring til handling
Samlinga omhandlar initiering, planlegging, gjennomføring og evaluering av tverrfaglege prosjekt i lokalsamfunn, kommunar og andre organisasjonar. Prosjekta sin plass blir illustrert med døme på prosjektarbeid og utviklingsarbeid i regionar, kommunar, lokalsamfunn og organisasjonar, og gjennom presentasjon og planlegging av deltakarane sine eigne prosjekt. Det er lagt vekt på øvingar i planlegging av samansette, tverrfaglege prosessar.
Samling 3: Målretta utviklingsarbeid – korleis designe prosessar
På denne samlinga går vi gjennom kva som ein internasjonalt og nasjonalt meiner med utvikling av lokalsamfunna si evne til felles handling, spesielt med vekt på korleis ein kan utvikle det sivile samfunnet gjennom maktstyrking (empowerment). Korleis kan ein stimulere utvikling av samarbeid mellom aktørar, evne til mobilisering, kunnskapsutvikling og relasjonsutvikling? Kva er utfordringane i ulike typar lokalsamfunn og korleis kan ein møte utfordringane? Kva utfordringar gir nye former for samfunnsstyring, som governance? Korleis kan vi nytte nye verktøy som tenestedesign og digitale fortellingar i utviklingsarbeid på ulike arenaer? På samlinga øver ein på å designe eigna prosessar for mobilisering, medverknad og samarbeid.
Undervisninga vil gå føre seg på norsk, men det er høve til å levere arbeidskrav og eksamen på engelsk.
Alle samlingane er øvingsbaserte, der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på 80 % av undervisninga for å kunne framstille seg til eksamen.
Studentane får fleire mindre arbeidskrav knytte til øvingane i semesteret, både skriftlege og munnleg. Slike krav kan vere til dømes:
- Å gjennomføre eigen- og kollegavurdering i form av refleksjon i gruppe og i klassen
- Kollegarettleiing på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
- Føring av logg
- Å fungere som prosessleiar under øving
- Deltaking i gruppe- og plenumsdiskusjonar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Media Practices - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle. | Kvar av dei to delane i oppgåve skal vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt. innhaldsoversikt tel ikkje med i talet på ord. Det skal ikkje vere vedlegg til oppgåva. |
Del 1) prosjektplan med tilhøyrande prosessplan for eit sjølvvald og aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon.
Del 2) er ei drøfting basert på ei fagleg grunngjeving av utvalde aktivitetar og tiltak i prosjektplanen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i sterke og svake sider ved prosjektplanen og prosessplanen.