Semesters
IPA302 Prosessleiing
Ved opptak til undervisning i undervisningsopptaket blir søkjarar til emnet prioritert slik:
- Studentar på programmet Master i samfunnsplanlegging og leiing
- Studentar på programmet Mastergradsstudium i helse- og sosialfag og Master i barnevernsarbeid
- Studentar på programmet Master in Media Practices
I ordinær registreringsperiode gjeld prinsippet om "først til mølla" for opptak til undervisning i emnet.
Emnet skal gje studentane kunnskap om kommunikative metodar i plan- og utviklingsarbeid, og erfaring i å ta i bruk desse metodane i utforming av prosjektplanar og prosessdesign. Emnet vektlegg bruk av planleggingsverkstadar som arena for deltaking og ulike kreative metodar som kan inngå i verkstadane og prosessane.
Emne skal også gje grunnlag for kritisk vurdering av prosjekt og prosessar ved bruk av nyare forsking på feltet og gjennomgang av evalueringsrapportar.
Sentralt i emnet er at studentane skal utarbeide eigne prosjektplanar og prosessdesign for eit sjølvvald tema. Dette arbeidet inngår som del av vurderingsgrunnlaget i emnet. Det blir også lagt opp til at studentane skal kunne gjennomføre evaluering av eige og andre sine prosessdesign og prosjektplanar.
Emnet er eigna både for nyutdanna og for yrkesaktive med ansvar og oppgåver innanfor samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor og som ønskjer kompetanse i prosessleiing og prosektdesign på masternivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- teoriar og tenkemåtar bak kommunikative metodar og prosessleiing som blir brukt i plan- og utviklingsarbeid
- verktøy for planlegging og gjennomføring av prosjekt
- evaluering av plan- og utviklingsarbeid
- kritisk tenking om prosjekt som arbeidsform
- nyare forsking på metodar nytta i plan- og utviklingsarbeid
Studenten skal kunne
- utforme og nytte kommunikative arbeidsmetodar i praksis og øvd i rolla som prosessleiar
- utforme prosjektplanar og prosessdesign
- evaluere og gje tilbakemelding på prosessdesign og prosjektplanar
- analysere og forstå eiga og andre si rolle i gruppeprosessar
Studenten vere i stand til sjølvstendig å
- kunne finne fram og sette seg inn i aktuell forsking og litteratur innan prosessdesign og kommunikative arbeidsmetodar
- kunne nytte evalueringsrapportar og FoU til forbetring av eige arbeid
- ha utvikla evne til refleksjon og kritikk om bruk av verktøy og metodar
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling.
Studentane har tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.
Alle samlingane er øvingsbaserte, der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på 80 % av undervisninga for å kunne framstille seg til eksamen.
Studentane får tre skriftlege arbeidskrav, eit til kvar av samlingane. I tillegg er nokre av øvingar på samlingane arbeidskrav som må gjennomførast individuelt eller i grupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Child welfare work - master (part time)
- Health and Social Sciences - master
- Media Practices - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Heimeoppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit sjølvvald tema. Studentane får rettleiing på oppgåva. | Alle. | 6000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar, referansar og kjeldeliste (APA 7th). |