Semesters
IPA302 Prosessleiing og prosjektdesign
Brei deltaking og brukarfokus blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Kurset har som utgangspunkt at slik deltaking krev bevisste val av arbeidsformer og -metodar, som idedugnad, kreativ problemløysing osv., for å skape gruppeprosessar som fremmar demokrati, dialog, kreativitet, innovasjon og refleksjon.
Målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker å jobbe på desse felta.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- kommunikative metodar til bruk i utviklingsarbeid i teoretisk og filosofisk samanheng
Studenten skal kunne
- beherske ulike kommunikative arbeidsmetodar i praksis og være øvd i rolla som prosessleiar
- forbetre eller vidareutvikle prosjektplanar og prosessdesign
- vurdere og gi tilbakemelding på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
- analysere og forstå eigen rolle i gruppeprosessar
- analysere og forstå andre sin rolle i gruppeprosessar
Som generell kompetanse, skal studenten vere i stand til å
- anvende teoretisk, praktisk og filosofisk kunnskap om kommunikative arbeidsmetodar for å lage eit gjennomførbart prosessdesign innanfor ein gitt og eigen valt kontekst.
- vurdere og drøfte kva rolle kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar spelar i gruppeprosessar generelt, og i høve eigen prosessdesign spesielt.
- kritisk reflektere over eigen rolle, kunnskap, ferdigheiter og haldningar og verdiar.
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar i vårsemesteret. Måndag er studiedag til førebuing. Organisert undervisning vert gitt tysdag til og med fredag.
Samling 1: veke 3
Samling 2: veke 9
Samling 3: veke 14
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentleg-, privat- eller frivillig sektor. Øvingane tek utgangspunkt i utfordringar og utviklingsprosessar som deltakarane sjølve foreslår. Gjennom gruppearbeid får studentane øve seg i prosessleiing og får hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit utviklingsarbeid dei sjølve vel.
Deltakarane får tilgang til eit eige digitalt rom der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m. og der ein kan levere heimeoppgåver for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.
Samling 1: Idéutvikling og kreativ problemløysing som metode i utviklingsarbeid
Målet med samlinga er å gi både ein teoretisk oversikt over utfordringar innan feltet og praktisk-metodisk kunnskap. Etter gjennomgang av ulike arbeidsteknikkar og kommunikasjonsformer, får studentane øve seg i metodane og i å drøfte bruksområda. Gjennom dette vil ein førebu studentane på utarbeiding av eigne prosessplanar og plandesign.
Samling 2: Prosessplanlegging – frå utfordring til handling
Samlinga omhandlar initiering, planlegging, gjennomføring og evaluering av tverrfaglege prosjekt i lokalsamfunn, kommunar og andre organisasjonar. Prosjekta sin plass blir illustrert med døme på prosjektarbeid og utviklingsarbeid i regionar, kommunar, lokalsamfunn og organisasjonar, og gjennom presentasjon og planlegging av deltakarane sine eigne prosjekt. Det er lagt vekt på øvingar i planlegging av samansette, tverrfaglege prosessar.
Samling 3: Målretta utviklingsarbeid – korleis designe prosessar
På denne samlinga går vi gjennom kva som ein internasjonalt og nasjonalt meiner med utvikling av lokalsamfunna sin evne til felles handling, spesielt med vekt på korleis ein kan utvikle det sivile samfunnet gjennom maktstyrking (Empowerment). Korleis kan ein stimulere utvikling av samarbeid mellom aktørar, evne til mobilisering, kunnskapsutvikling og relasjonsutvikling? Kva er utfordringane i ulike typar lokalsamfunn og korleis kan ein møte utfordringane? Kva for utfordringar gir nye former for samfunnsstyring, som governance? Korleis kan vi nytte nye verktøy som tenestedesign og digitale fortellingar i utviklingsarbeid på ulike arenaer? På samlinga øver ein på å designe eigna prosessar for mobilisering, medverknad og samarbeid.
Susanne Moen Ouff har hovudansvaret for undervisninga. Undervisninga vil i hovudsak gå føre seg på norsk.
Alle samlingane er øvingsbaserte der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på desse (80%) for å kunne framstille seg til eksamen.
Studentane får fleire mindre arbeidskrav knytt til øvingane gjennom semesteret, både skriftlege og munnleg. Slike krav kan vere til dømes:
• Å gjennomføre eigen- og kollegavurdering i form av refleksjon i gruppe og i klassen
• Kollegarettleiing på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
• Føring av logg
• Å fungere som prosessleiar under øving
• Deltaking i gruppe- og plenumsdiskusjonar
Innleverte eksamensmappe blir vurdert av ein kommisjon med ein intern og ein ekstern sensor.
Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte kvar samling. Viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Media Practices - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to delar: Del 1) Prosjektdesign. Denne delen skal formast som ein prosjektdesign (prosessplan) for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosjektdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram. Del 2) Drøfting. Denne delen av mappa skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i prosjektdesignen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord. Dersom prosjektdesignen (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar i drøftingsdelen (del 2) høve til å foreslå endringar/forbetringar av prosjektdesignen. Slike nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram og dei må grunngjevast i drøftingsdelen. Mappa skal leverast som eitt individuelt dokument, og delane prosjektdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista. Mappa skal leverast som eitt dokument. Det vert gitt høve til inntil tre rettleiingar for kvar student knytt til eksamensoppgåva. Susanne Moen Ouff har hovudansvaret for rettleiinga. |