Semesters

MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet

Course code: 
MEI302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle forhold. Det gjeld innverknad på praksis frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, organisatoriske og styringspolitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i relasjon til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.

Emnet har fire hovudtema:

Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Her legg ein vekt på tilhøve mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer, og ei kritisk tilnærming til utvikling og endring. Tilhøve mellom vitskapleg kunnskap og profesjonell praksis er sentralt. 

Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Meistring og myndiggjering blir forstått i lys av samfunnsmessige endringar knytt til modernitet, fleirkulturalitet og globalisering. Korleis desse endringane heng samar med makt, identitet og medborgarskap vert belyst. 

Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnadar Nye styringsformer og statlege føringar bidreg til utfordringar for organisasjonar. Leiing, samarbeid, konflikt og konfliktløysing i og mellom organisasjonar og profesjonar vert tematisert, saman med tilhøvet til brukarorganisasjonar.

Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse-og sosialfaglege diskursar, livsløp og demografiske endringar påvirkar folkehelsearbeidet. Medikalisering blir belyst og problematisert. Det blir sett fokus på brukarretta informasjonsarbeid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Stundenten skal ha

  • inngåande kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem
  • høg grad av innsikt i og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis
  • inngåande kunnskap om samanhengar mellom organisatoriske rammer innanfor velferdstenestene og profesjonelle praksisar
  • omfattande kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid i eit komplekst velferdssystem
Learning outcome skills

Studenten skal ha

  • omfattande ferdigheiter i å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår
  • høg grad av ferdigheiter til å påverke desse forholda 
  • høg grad av ferdigheiter til å initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid for å ivareta interessene til brukarane
Learning outcome qualification

Studenten skal ha

  • ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å forstå og påverke strukturelle og organisatoriske forhold til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld
Working and learning activities

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre studiesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling. Noko av undervisinga kan bli digital. 

Det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på alle samlingane. 

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking, t.d. gjennom seminar, presentasjon av eige arbeid med semesteroppgåve og drøfting i plenum. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer og presenterer utkast til semesteroppgåva.

Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar.

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Assessment requirements

Det er to arbeidskrav i emnet: Deltaking på artikkelseminar, og oppgåveseminar med framlegging av semsteroppgåva. Meir informasjon om arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Øyvind Økland
Used in other programs
  • Child welfare work - master (part time)
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det er knytt rettleiing til oppgava.
Alle.
Omlag 4000 ord (+/-10%).
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel.
Approval signature: 
Randi Bergem 09.03.2023