Semesters
MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld innverknad på praksis frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, organisatoriske og styringspoilitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i relasjon til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Stundenten skal ha
- god kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem
- høg grad av innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis
Studenten skal ha
- omfattande ferdigheiter i å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår
- ferdigheiter til å påverke desse forholda
Studenten skal ha
- ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld
Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:
Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Her legg ein vekt på tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer. Kritisk tilnærming til utvikling og endring i den vitskapleg kunnskapen vert vektlagt. Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og profesjonell praksis er sentralt.
Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Samanhenger mellom modernitet, identitet, danning og tillit vert løfta fram, med vekt på livsløp, demografisk endring og helse. Meistring og myndiggjering heng og saman med demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering. Globalisering og fleirkulturalitet påverkar også meistring.
Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader Nye styringsformer og statlege føringar bidreg til utfordringar for organisasjonar. Leiing, samarbeid, konflikt og konfliktløysing i og mellom organisasjonar og profesjonar vert tematisert, saman med forholdet til tredje sektor, brukarorganisasjonar m.m.
Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse- og sosialfaglege mediediskursar vert tematisert; her er medikalisering eit sentralt fenomen. Elles er det fokus på brukarretta opplysings - og informasjonsarbeid i helse- og sosialtenestene.
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:
- Samling 1: Veke 1
- Samling 2: Veke 6
- Samling 3: Veke 12
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.
Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 % av tida på kvar av dei tre samlingane).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det er knytt rettleiing til oppgava. | Alle. | Omlag 5000 ord (+/-10%). | |
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel. |