Semesters
MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld innverknad på praksis både frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspoilitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i forhold til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem og auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis.
- ferdigheiter til å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår, samt ferdigheiter til å å påverke desse forholda.
- ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld.
Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer Utvikling og endring av vitskapleg kunnskap Evidensbasert kunnskap Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og praksisutøving Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Modernitet, identitet, danning og tillit Livsløp, demografisk endring og helse Demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering Globalisering – fleirkulturelle kontekstar Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader Nye styringsformer og rettslege rammer Utfordringar i organisasjon og leiing Samarbeid og konflikt Community work – forholdet til tredje sektor, brukarorganisering m.m. Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse- og sosialfaglege mediediskursar Medikalisering Helseopplysing - informasjonsarbeid Brukarretta informasjonsarbeid.
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:
Samling 1: Veke 2
Samling 2: Veke 7
Samling 3: Veke 14
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.
Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det er knytt rettleiing til oppgava. | Alle. | Omlag 5000 ord (+/-10%). | |
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel. |