Semesters
MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld innverknad på praksis frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, organisatoriske og styringspoilitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i relasjon til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Stundenten skal ha
- inngåande kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem
- høg grad av innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis
- inngåande kunnskap om samanhengar mellom organisatoriske rammer innafor velferdstenestene og profesjonelle prakisar
- omfattande kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid i eit komplekst velferdssystem
Studenten skal ha
- omfattande ferdigheiter i å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår
- høg grad av ferdigheiter til å påverke desse forholda
- høg grad av ferdigheiter til å initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid for å ivareta interessene til brukarane
Studenten skal ha
- ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å forstå og påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld
Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:
Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Her legg ein vekt på forholdet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer. Kritisk tilnærming til utvikling og endring i den vitskapleg kunnskapen vert vektlagt. Forholdet mellom vitskapleg kunnskap og profesjonell praksis er sentralt.
Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Samanhenger mellom modernitet, identitet, danning og tillit vert løfta fram, med vekt på livsløp, demografisk endring og helse. Meistring og myndiggjering heng ogdå saman med demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering. Globalisering og fleirkulturalitet påverkar også meistring.
Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader Nye styringsformer og statlege føringar bidreg til utfordringar for organisasjonar. Leiing, samarbeid, konflikt og konfliktløysing i og mellom organisasjonar og profesjonar vert tematisert, saman med forholdet til tredje sektor, brukarorganisasjonar m.m.
Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse- og sosialfaglege mediediskursar vert tematisert; her er medikalisering eit sentralt fenomen. Elles er det fokus på brukarretta opplysings - og informasjonsarbeid i helse- og sosialtenestene.
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:
- Samling 1: Fysisk
- Samling 2: Denne samlinga vert digital
- Samling 3: Fysisk
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det er høg grad av studentaktive læringsformer. Delar av dette emnet blir strøyma i sanntid til heile studentgruppa (via zoom). Høgskulen gjer ikkje opptak av strøyminga. Læringsutbytte i dette emnet omfattar å øve opp ferdigheiter i å analysera samanhengar mellom helse- og sosiale problem og strukturelle vilkår. For å realisere denne delen av læringsutbyttet i emnet skal deltaking via zoom skje med fullt namn, og kamera og lyd slått på. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt.Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.
Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 prosent av tida på kvar av dei tre samlingane).
Arbeidskrav: deltaking på eitt artikkelseminar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det er knytt rettleiing til oppgava. | Alle. | Omlag 4000 ord (+/-10%). | |
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel. |